Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil vite meir om styremedlemmane

Snart er det tid for årsmøte og val. Anders Hopland vil ikkje vite om kandidatane er gifte og har barn – han vil vite kva dei meiner.

– Dersom dei ikkje har meiningar, kva skal vi då med dei? spør Anders Hopland. (Foto: Tine og privat)
– Dersom dei ikkje har meiningar, kva skal vi då med dei? spør Anders Hopland. (Foto: Tine og privat)

Mjølkebonde Anders Hopland i Fjaler intervjues av Bondebladets Linda Sunde.

Kvart år, på forsommaren, er det årsmøte i landbruksorganisasjonane. Nokre styremedlemmar går ut av styret, andre kjem inn.

Men mjølkebonde Anders Hopland frå Fjaler syns han veit for lite om dei potensielle nye styrekandidatane, til å ta informerte val om dette er menneske han vil skal styre bedriftene sine.

– I dag veit vi ingenting. Eller jo, vi veit sjølvsagt om dei er gifte, kor mange ungar dei har, og kva dei har i kvote. Men vi veit ikkje kva dei står for, kva dei vil jobbe for i organisasjonen, poengterer han.

Som politiske parti

Det ønsker han seg endring på:

– Når det er fleire kandidatar ein skal velje mellom, eller når ein skal vurdere om ein skal stille benkeforslag, er det interessant å vite kva dei faktisk meiner.

– Eg vil vite kva dei vil jobbe for, kva slags visjon dei har for tillitsvervet. Det gjeld sentrale tillitsvalde i både Tine, Nortura og Bondelaget. Kva meiner styrekandidatane i Tine om sommarmjølkprising? Korleis set dei lokale interesser opp mot nasjonale interesser? Det hadde vore interessant å vite kva folk i styret meinte om Irlandssatsinga før den blei bestemt, seier han.

Hopland meiner det kunne vore sendt ut meir utfyllande informasjon om kandidatane saman med årsmøteinnkallinga.

– Der kan det stå kva dei står for, og kva dei vil jobbe for – litt som politiske parti. For i dag får vi ikkje det grunnlaget vi treng for å danne oss ei oppfatning, seier han.

I denne informasjonen er han ikkje interessert i frasar som at personen «meiner det er viktig med landbruk i heile landet».

– Dei kan skrive det om dei vil, men då blir det opp til meg å finne ut om eg i det heile teke vil stemme på denne personen. For dersom dei ikkje har meiningar, kva skal vi då med dei? Alle vil ha landbruk i heile landet. Likevel blir pengar flytta, seier Hopland.

Annonse

Meir openheit

Mjølkebonden meiner den viktigaste informasjonen er den ein får før eit val, slik at ein får vite kva personen står for før han blir valt inn.

Men han ønskjer seg også meir openheit om kven som meiner kva, undervegs i året.

– Alle styremedlemmane i Tine og Nortura seier akkurat det same. Eg nektar å tru at alle meiner det same. Men når dei uttaler seg i media, kjem dei med organisasjonen sin synspunkt, ikkje sitt eige, seier Hopland.

Han meiner at når nokon frå styret deltek på eit møte eller ei samling, kunne personen opna meir opp om kva vedkommande sjølv meiner og jobbar for.

– Det er også naturleg å seie kva han eller ho meinte i ei aktuell sak, men at fleirtalet blei eit anna, meiner Hopland.

Påverkar neste val

Ein del avgjersler skjer så raskt at ein ikkje kunne vite kva personen meinte før valet.

– For eksempel sommarmjølkprising. Dersom ein region kjem dårleg ut, er det interessant å vite kva denne styremedlemmen har gjort, og kva argumentasjonen er for at det vart som det vart, seier Hopland.

Dette er informasjon som er viktig for å vite om ein ønskjer å stemme på personen ved neste val, meiner Fjaler-bonden.

Samtidig er det mykje informasjon han skjønar at han ikkje kan få.

– Forretningshemmelegheitar, kjedeforhandlingar, det er ikkje slike ting eg er ute etter. Det skjønar alle er hemmeleg. Men eg vil vite kva styremedlemmane våre meiner om dei landbrukspolitiske vedtaka som har konsekvensar for bonden, seier Anders Hopland.

Neste artikkel

– Alle tillitsvalgte jeg har møtt, mener noe