Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil flytte Mattilsyn-oppgåver

Kontrollen av dyrevelferden bør bli ei kommunal oppgåve, utført av folk med god innsikt i dyrestell, meiner Olav Randen.

Olav Randen vil ha inspektører med bedre innsikt i dyrehold. Bakgrunnsbildet er valgt fra arkiv, og har ikke noe med Olav Randen å gjøre. (Foto: Bondebladet(bakgrunn)/privat (innfelt))

Linda Sunde intervjuer Olav Randen.

Administrerande direktør i Mattilsynet har gått av etter skandalen i Rogaland, og fleire leiarar er midlertidig ute av sine leiarroller.

Men hovudrulling er ikkje nok, meiner Olav Randen. Han gav geitebruket i Ål i Hallingdal vidare til neste generasjon ved årsskiftet, men er også kjent som skribent, forfattar, forleggar, sosiolog, samfunnsdebattant og tidlegare leier av Noregs Mållag.

– Visst kan det finnast folk i Mattilsynet som bør seiast opp, anten fordi dei ikkje meistrar jobben eller fordi dei misbruker si makt. Men truleg vil det utsetje heller enn løyse problema. Same kor mange hovud som rullar, kan me frykte at om fem år har etaten fått nye folk av same slaget. Difor bør me innanfor landbruket møte skandalen no med eit krav om full gjennomgang av korleis etaten er bygt opp, og diskusjon av korleis eit dyreverntilsyn kan byggjast opp på ein måte som gir grunnlag for tillit, seier Randen.

Nøytralt vitne betalt av Mattilsynet

Det må både innførast strakstiltak og gjennomførast ein grundig gjennomgang av systemet, meiner han.

– Kontrollørane skal identifisere seg og leggje igjen personopplysningar, og det skal vere kontrolløren som skriv og signerer rapporten.

Det beste hastetiltaket vil vere at bonden kan leige med seg eit nøytralt vitne på tilsynet, og at denne kan stille spørsmål, filme, og gi si vurdering av tilsynsrapporten før han blir sluttskriven. Vitnet kan til dømes vere ein annan bonde eller ein fagleg tillitsvald utan personlege band til den det gjeld. Dette må sjølvsagt betalast av tilsynsmyndigheita, seier Randen.

Vil ha vekt på heilskapen

Annonse

– Desse straksordingane vil redusere problema, men etter mitt skjøn truleg ikkje løyse dei, og ikkje byggje den nødvendige tilliten mellom etat og yrkesutøvar. Difor trengst også ein totalgjennomgang av ordninga, og den må vere politisk. Eg er ikkje er begeistra for kravet om offentleg gransking av Mattilsynet. Det kan så lett bli etat som granskar – og frikjenner – etat, og me er like langt. Kravet bør vere ein grundig, politisk systemgjennomgang.

I dag kontrollerer Mattilsynet både mat og matkvalitet på eine sida, og dyrevelferd på den andre sida. Randen meiner den siste oppgåva bør flyttast.

– Om gjennomgangen blir seriøs, vil han truleg konkludere med at ordninga med ein fellesetat for mat- og dyrevelferdskontroll er lite tenleg, og at dyrevelferdskontroll i framtida bør desentraliserast til kommunane. Praktikarar og veterinærar må inn i arbeidet. Eg trur det vil fungere langt betre om kommunane har ansvaret. Alle kommunar har ein landbruksetat. Denne kan supplerast med nye oppgåver og folk som får ordentleg skolering. Mattilsynet er for fjernt frå bonden, og det er ofte tilsyn av folk som ikkje har innsikt i praktisk landbruk.

– Bak ligg filosofien som er uttrykt i New Public Management, med kontrollørar utan band til husdyrhaldarane, kontrollskjema og registrering av avvik. Dette er ein dårleg modell når oppgåva er å kontrollere dyrevelferd. Eg ønskjer kontrollørar av dyrevelferd som har så god innsikt i dyrestell at dei er i stand til å vurdere om dyra har det bra, er i godt hald og trivst, og som skjøner at dette er viktigare enn eventuelle avvik i høve til punkta i deira skjema.

Me treng reglar som legg hovudvekt på heilskapsinntrykket, meiner Randen.

– Viss dyra er i godt hald, trivst og har det bra, må det vere slingringsmonn for ulike ordningar.

– Faglaga må ta tak

Mattilsynet la i pelsdyrsaka vekt på at rapportar er førebelse når bøndene får dei, og at bøndene har klagerett.

– Sant nok. Men innanfor etatane veks det fram eit samhald og eit ønske om å forsvare det den enkelte har gjort. Det skal mykje til å seie: Her har kollegaen min gjort ein slett jobb. For den enkelte veit at han eller ho også er avhengig av denne kollegaen, til dømes når det skal innstillast til ein ny jobb. Difor blir det lett til at dei slår ring om kvarandre og dekkjer kvarandre, også når utført arbeid er slett, trur Randen.

– Men me kan ikkje stole på at Bollestad ryddar opp på eiga hand. Faglaga må ta sterkare tak i saka sjølve, meiner han.

– Ei eventuell omorganisering vil bli eit nederlag for dagens rådande tenking, seier Olav Randen.

Neste artikkel

Respektløse byråkrater