Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Politikarane lyttar ikkje til folket

I Kvam herad vart det politisk fleirtal for å opna for akvakultur sør for Kvamsøy. Alf Storaas er svært kritisk til at fiskeindustri får ja til det statleg sikra friluftsområdet i kommunen.

– I denne saka kan ein ikkje seie at Sp høyrer på folket. Kanskje har dei for mange hattar på, spør Alf Storaas. (Illustrasjonsfoto: Karl Erik Berge, innfelt privat)

Karl Erik Berge intervjuar Alf Storaas, bonde i Kvam herad, Hardanger.

Kvamsøy har vore bandlagt av staten sidan 1960-talet. Øya er av dei mest brukte og attraktive i Hardangerfjorden. Øya har kai og ei lita hamn på sørsida, og store grasmarker egna for telting. Fleire av husa vert nytta av speidarane og andre.

Oppdrettsanlegget, som vil vera 100 meter breitt og 800 meter langt, vil liggja nokre hundre meter frå stranda på Kvamsøy.

Vil sjå og oppleva norsk natur

Alf Storaas og kona driv med kjøtproduksjon og frukt, i tillegg til naturbasert turisme, like innanfor øya. Dei nyttar fjorden ved og rundt Kvamsøy mykje.

– Me er to bruk som driv jordbruk på Kvamsøy. Signe Karin Kvamsøy driv med ammegeit og bur på øya. Me driv med sau og har kalvar på beite her om sommaren. Me driv òg med turisme og «Inn på tunet», og brukar øya mykje i samband med dette, seier Storaas.

Staten bandla Kvamsøy for å sikre at folk skulle få glede av et unikt område.

– Staten gjekk inn med 50 prosent av kjøpesummen, og kravde at dersom område skulle brukast til andre ting enn friområde, så måtte saka inn til departementet. Det som skjer no, stiller etter mitt syn heile bandlegginga i eit spesielt lys. Ein kan altså driva lakseindustri, omtrent heilt opp i stranda ved øya, mens me som er grunneigarar på øya og også driv næring, ikkje får godkjenning til mindre tiltak.

– I første høyringsrunde la både Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Fiskeridirektoratet inn motsegn. Kvifor vart desse motsegnene trekt tilbake?

– I fylkeskommunen var det andre folk ved andregongsbehandling. Her skjedde det noko uforståeleg, der skifte av politikarar førte til endra avgjerd. Når det gjeld Fylkesmannen i Vestland, tenkjer eg at delegasjonen frå Kvam forhandla seg fram til ei ny avgjerd. Noko forklaring på kva som skjedde har eg aldri fått. Kva som skjedde i Fiskeridirektoratet, veit eg ikkje, men det har vore sterke krefter i kommunen som har jobba for å endre motsegna.

Annonse

Burde vore på høyring

– Avgjerda har skapt mykje bråk i Kvam. Kva meiner du om den politiske prosessen i kommunen?

– Saka vart ein stor del av valkampen. Engasjemanget var stort og mange har nok stemt i forhold til denne. Det er uventa at det gamle heradsstyret tek saka som si siste sak. Ho skulle ha vore første sak til det nye heradsstyret. Eg synes politikarane burde ha lytta til veljarane. Den siste plasseringa av anlegget, som no er vedteken av heradsstyret, kom etter siste høyringsrunde. Dette er, etter mi meining, ei stor endring, og skulle såleis vore på høyring.

– Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ber politikarane lytta til folket. Sp er sterkt representert i heradsstyret og har vore ei drivkraft for å få gjennom plasseringa. I denne saka kan ein ikkje seie at dei høyrer på folket. Kanskje har dei for mange hattar på?

– Viktige arbeidsplassar

– Havbruksnæringa og Lingalaks er svært viktige for Kvam. Næringa gir store skatteinntekter. Kan du forstå dei som seier ja til Lingalaks?

– Lingalaks er viktig for Kvam. Der ein god arbeidsplass for mange og folk likar seg der. Det kjem inn skatt og pengar frå havbruksfondet, og verksemda støtter lokale lag og organisasjonar. Det handlar ikkje om eit for eller mot Lingalaks, det handlar om plassering av eit oppdrettsområde i arealdelen av kommuneplanen.

– Kan Lingalaks finne andre lokalitetar i kommunen?

– Lingalaks vil etter mi meining klara seg særs godt om anlegget ved Kvamsøy går ut av planen. Dersom dei vil ha eit anlegg som er tilgjengeleg for folk, kan dei ha eit lukka anlegg der det ligg i dag, med gangbru ut. Dette ville vise publikum ei framtidsretta næring med vyar for berekraftig verdiskaping for generasjonane som kjem. Ein bør merke seg at ungdomane i Kvam har vist stort engagement i denne saka. For Lingalaks ville det nok vore lurt å trekkja seg frå Kvamsøy. Det er ikkje særleg god omdømebygging å vera so på kant med mange sitt syn.

– Søknaden frå Lingalaks må no konsesjons­behandlast. Kva trur du om prosessen vidare?

– Kampen for å behalda Kvamsøy og området rundt fritt for oppdrett vil nok halda fram, også inn i konsesjonsbehandlinga, seier Alf Storaas.

Neste artikkel

Norske bønder går glipp av plantevernmidler