Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– No må Bane Nor ta ansvar

Mange sauebønder i Rogaland har dei siste åra opplevd å mista eller få skada dyr på grunn av toget. Dette skuldast manglande vedlikehald av gjerde langs jernbanelinja, meiner Rogaland Sau og Geit som krev at Bane Nor ordnar opp snarast.

– Etter at Bane Nor tok over dette ansvaret, har vedlikehaldet vorte forsømt, seier Håvard Helgeland. (Foto: Sjur Håland og privat, innfelt)

Karl Erik Berge intervjuar Håvard Helgeland, leiar i Rogaland Sau og Geit.

Problemet har auka den siste tida fordi gjerda forfell fort og mykje, meiner styret i Rogaland Sau og Geit. Dei har no skrive brev til Bane Nor, landbruks- og matminister Olaug Bollestad, samferdselsminister Jon Georg Dale og Norsk Sau og Geit.

– Bane Nor sitt manglande vedlikehald påfører dyr og menneske uverdige påkjenningar med skadde og døde dyr langs jernbanesporet. Dette er noko vi ikkje kan finna oss i. Det er ikkje bonden som ber om å få offentleg jernbane eller vegar på sine eigedommar, seier Håvard Helgeland.

– Eigar har ansvaret

I vårt område går jernbanen gjennom aktive husdyrområde. Det har i alle år vore ein sjølvsagt ting at eigar av jernbanelinja har hatt ansvaret for at husdyra ikkje kjem inn på linja, skriv Rogaland Sau og Geit i brevet.

– Etter at Bane Nor tok over dette ansvaret, har vedlikehaldet vorte forsømt. Vi har registrert at både landbruksminister Olaug Bollestad og samferdselsminister Jon Georg Dale har vore i media og sagt at dette skal ein ta tak i. Vi er utolmodige og forventer at Bane Nor snarast tar ansvar, seier Helgeland.

Mykje frustrasjon

– Kor omfattande er denne jobben?

Annonse

– Jobben er stor og det er mange grunneigarar involvert. Det er stor skilnad på korleis gjerdekvaliteten er, og det skaper mykje frustrasjon hos mange sauebønder. Mange opplever berre rusta gjerderestar, som ein gong har vore gjerde, i stor motsetning til kor husa ligg tettare. Her er det ofte topp gjerde. Jernbanelinja går også mange stader kor det er vanskeleg å koma til, utan å nytta jernbanelinja. Rogaland Bondelag har jobba med denne saka i fire år og lagt ned mykje arbeid. Det er eit godt grunnlag for vegen vidare, meiner Helgeland.

– Er det nokon strekningar som er verre enn andre?

– Etter vår oppfatning er det størst problem der det er glissen busetjing: Her er det stort sett bønder som bur og skal drive, men som ikkje får nytta areala sine i frykt for at dyra skal komme på linja. Det som er spesielt for vårt område, er at jernbanelinja går gjennom aktive husdyrområde med mykje beitande husdyr. Tidlegare har det vore sjølvsagt at eigaren av linja har tatt ansvaret for vedlikehaldet, og slik må det vera. Det er ikkje bøndene som har bedt om jernbanelinja på sin eigedom.

– Må opna pengesekken

– Kva bør dei to statsrådane gjere no?

– Dei må ta tak i saka og opne opp pengesekken, om det er dette som må til. Eg veljar å tru det er pengar som manglar, og ikkje vilje, men det er ein jobb som må gjerast, og det snarast. Folk kvir seg for å sleppe ut både dyr og ungar i nokre område.

– Korleis kan NSG sentralt fylgje opp saka på ein god måte?

– NSG har byrja arbeidet og har møter med Bane Nor, men her er det store manglar i heile landet. Ein må ta for seg strekning for strekning, og det er arbeidskrevjande. No må arbeidet intensiverast og ein må setje press på for denne strekninga. Det må komme tydeleg fram at det er baneeigar som har ansvaret for vedlikehaldet.

– Har de fått støtte frå dyrevernorganisasjonar i denne saka?

– Rogaland sau og geit har ikkje fått førespurnad eller støtte frå slike organisasjonar, seier Håvard Helgeland.

Neste artikkel

Antall husdyr synker