Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meiner Venstre er heilt på villspor

– Korleis kan det ha seg at eit parti kan kome så langt vekk frå røtene sine? Kvar er du Pål Farstad? Partiet ditt og bygdene treng deg, seier Oddvar Mikkelsen.

Karl Erik Berge intervjuer Oddvar Mikkelsen, mjølkebonde og leiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Før var Venstre eit parti som stod opp for småfolks rettar, som var økonomisk og sosialt liberalt og som ville legge tilhøva til rette for småbedrifter og næringsdrivande, meiner Oddvar Mikkelsen.

Naturen som kulisse

– Partiet såg på naturressursane som noko verdifullt, for å skape sysselsetting og økonomisk verdiskaping. Dagens Venstre er heilt og fullt urbant med utprega hang til å sjå på naturen som kulisse for sjølvrealisering og opplevingar, seier Mikkelsen.

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal brukte for ei tid sidan uttrykket «asfalterte Venstre» for å beskrive den endringa som har skjedd i partiet dei siste par stortingsperiodane.

– I førre periode hadde vi Pål Farstad til å halde Venstres føter nokolunde i kontakt med jorda. No er han borte frå Stortinget. I staden er Venstre mellom anna representert med ein miljøvernminister som ikkje vil ta omsyn til vedtak i rovviltnemndene, men fleire gonger har overstyrt desse eller prøvd å gjere det.

Pressa Frp og Høgre

Annonse

Fylkesleiaren meiner Venstre pressa Frp og Høgre til å gå imot det stortingsfleirtalet dei eitt år tidlegare var ein del av i Jeløya-forhandlingane. Eit fleirtal som vedtok at pelsdyrnæringa skulle få halde fram med ei berekraftig utvikling.

– Det liberale næringspartiet Venstre pressa fram eit næringsforbod og yrkesforbod. Eit forbod som no er ute på høyring og som det allereie er varsla rettssak om fordi det kan vere grunnlovsstridig. Kvifor skal ein forby norske pelsprodusentar å fortsette sitt arbeid når ein ikkje samtidig forbyr bruk av pels? Det vil jo berre føre til at ein importerer pels produsert med dårlegare dyrevelferd og eksporterer verdiskapinga.

Venstre står òg bak forslaget om forbod mot myrdyrking, meiner Mikkelsen.

– Forbodet er så dårleg fagleg forankra at det kan påvisast ei rekkje feil og manglar i argumenta for å forby dyrking av myr. Nibio-rapporten som ligg til grunn har fått kritikk frå andre forskarar i Nibio, i tillegg til den massive kritikken frå landbruket og frå forskarar ved andre institusjonar. Dersom ein skal forby dyrking av myr til landbruksformål, burde ein òg forby all annan drenering av myr i samband med vegbygging eller bustad- og næringsareal. Er matproduksjon mindre høgverdig enn andre formål?

Vil dyrke smartare

Landbruket er innstilt på å gjere ein innsats med å redusere klimaavtrykket, forklarer mjølkebonden.

– I hovudsak med å redusere bruk av fossile drivstoff og ved å dyrke jorda smartare, gjødsle riktigare og fôre dyra betre. Venstre går derimot inn for å redusere landets kapasitet til matproduksjon ved å forby dyrking av myr og ved å gå inn for kraftig reduksjon i konsum av drøvtyggarkjøt. Drøvtyggarar er den einaste måten vi kan nytte gras til å lage menneskemat.

– Myra og kua har vorte klimaverstingar i venstreauge. Dei fleste av oss er i stand til å sjå at vi reddar ikkje verda frå undergang gjennom å produsere mindre mat eller å la vere å bruke lokale matressursar. Derimot er bilkøyring, flyreiser og stort materielt forbruk, hovudårsaker til auka klima- og miljøutslepp. Det er her ein må sette inn støyten, seier Oddvar Mikkelsen.

Neste artikkel

– Stor tragedie for dyr og folk