Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meiner slakteria pressar ut små produsentar

Puljetillegga premierer dei store produsentane, meiner Gaute Aarbø.

Bondebladets journalist Karl Erik Berge har intervjua mjølke- og griseprodusent Gaute Aarbø.

Puljetillegga er ei heilt klar premiering av dei store produsentane, og det blir mindre til dei små og mellomstore, meiner Gaute Aarbø på Fitjar.

Svinenæringa har kome opp i eit produksjonsvolum som er svært vanskeleg å reversera. For 2019, ventar Nortura eit overskot på 5 400 tonn. Dette kjem på toppen av dei over 6 000 tonna med svinekjøtt som per no ligg på lager. I tillegg forsvinn eksportmoglegheitene frå 2021.

Førebels siste strakstiltak var då smågrisprisen 1. oktober vart sett ned 20 kroner til 660 kroner. Omsetningsavgifta vart samstundes auka med 80 øre per kilo for å finansiere ei ordning med slakting av 30 000 lettare griser.

Mindre til dei små

Med dette som bakteppe, meiner Gaute Aarbø på Fitjar det blir heilt feil av slakteria å betale så store puljetillegg og årsbonusar til dei store produsentane.

– Det er slakteria som styrer politikken. Puljetillegga og årsbonusar er ei heilt klar premiering av dei store produsentane, og det blir mindre til dei som driv lite.

– Leverer du over 3 000 smågris i året, får du ca. 100 kroner meir per gris i puljetillegg og årsbonus, enn ein som leverer mellom 1000 og 1200 grisar. Det blir det mykje pengar av.

– Dersom eg hadde fått same vilkår som dei med over 3000 grisar, ville eg hatt nærmare 150 000 kroner meir per år i puljetillegg og årsbonus. Dei som driv fult ut med eingongspurker, dvs. ca. 10 000 smågris, ville fått nærmare 1 million kroner mindre i puljetillegg og årsbonusar, dersom dei hadde fått same villkåra som dei små, seier Aarbø.

Denne modellen er svært produksjonsdrivande. Det er vanskeleg å få folk til å redusera produksjonen, når dei tapar så mykje i bonusar, meiner han.

Annonse

Fryktar konkursar

Fitjar-bonden er del av ei større samdrift på mjølk og er smågrisprodusent i tillegg. Aarbø leverer rundt 1 500 smågris i året, mot 1600–1700 for få år sidan. Han leverer til fleire slaktegrisprodusentar i nærleiken.

– Slakteria sponsar dei store produsentane på vegne av dei små. Eg er redd det vil gå med gris som det har gjort med kylling og egg, at produksjonen blir konsentrert i nokre få og utvalde område. Med dei låge prisane som er no, i tillegg til stadig nye krav til næringa, er eg redd for at mange svineprodusentar kan gå konkurs, særleg dei som er små og mellomstore. Eg har ikkje bygd nytt grisehus, men det er mange som har investert store summar i nye grisehus. Dei kan få det tøft økonomisk framover, seier han.

Vilja politikk frå slakteria?

Det er rundt 1 000 som driv med smågrisproduksjon i Norge i dag. Aarbø fryktar det kan bli langt færre dei neste åra.

– Det er små og mellomstore produsentar som kjem dårleg ut med denne slakteripolitikken. Men det kan gå utover slakteria òg. Misser ein smågris i eit område, kan ein òg misse slaktegris. Det kan gå utover slakteria.

Aarbø meiner slakteria lar seg presse til å gje store bonusar til dei store, fordi dei er meir redd for å miste dei enn dei små.

– Er det lov å presse ut dei små produsentane på denne måten? Kanskje burde Konkurransetilsynet sjå på dette, spør han.

Landbruksdirektoratet overleverte tidlegare i haust ein rapport: Regulering av smågrisproduksjon og utkjøp av svineprodusentar.

Gaute Aarbø er nøgd med at det er sete i gang tiltak for å få ned på talet på eingongspurker, samt ei konkretisering av konsesjonsregelverket. Til­taka som er omtalt i rapporten er ikkje meint som ei ny markedsreguleringsordning, men er ei presisering av regelverket. Tiltaka skal snart ut på høyring.

– Purkene er blitt mykje betre dei siste åra, og det er langt fleire grisungar som veks opp. Med denne bonuspolitikken styrer slakteria, så dei små må gje seg. Det vil ramme oss som er svineprodusentar i Hordaland, og her er det ikkje mange igjen. I dårlege tider er det ofte her, og i liknande fylke, dei fleste forsvinn, seier han.

Neste artikkel

Prisen på lammekjøtt opp 1,50 kroner per kilo