«Hardanger Lift set nasjonale interesser knytt til villreinen sine arealbehov og dei økologiske funksjonskrava til leveområda for villreinen som nasjonal ansvarsart, vesentleg til side», skriv Statsforvaltaren.
Ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang er ikkje overraska over at Statsforvaltaren fremjar motsegn mot banen, men han er klar for å ta saka vidare, skriv Hardanger Folkeblad.
Ber ordføraren liggja lågt
Reidar Borgstrøm i Ås er ein av mange som har engasjert seg i arbeidet mot gondolbanen.
Villrein, generelt naturomsyn og private grunneigarar som er imot, burde vera nok til at ordføraren ikkje gjekk vidare med saka, meiner Reidar Borgstrøm, som er professor emeritus ved NMBU.
– Ordføraren er sjølvsagt i sin fulle rett til å forsøka å pressa Statsforvaltaren til å snu, men samstundes burde han også innsjå at eit endra vedtak vil vera på kostnad av villrein og naturmangfald, slik Statsforvaltaren har peika på. Som nasjonalparkkommune burde Ullensvang heller ha lagt dette til grunn, og framheva at kommunen er eit fyrtårn i naturvernsamanheng, der forvaltinga burde leggjast opp slik at nasjonalparkane Folgefonna og Hardangervidda kunne overleverast intakte til komande generasjonar, seier Borgstrøm.
Store konsekvensar for naturen
– Kva er det mest negative ved ein slik bane?
– Det er rekna med at besøkstalet vil måtta liggja rundt 100 000 per år om prosjektet skal vera lønsamt. Dei aller fleste som tek banen, vil nok halda seg i nærområdet, men med så mange besøkande kan det godt bli mange tusen som og vil ta turar vidare innover. Nokre vil sikkert gå frå Rossnos over mot Trolltunga. Det mest negative av dette er effektane på naturmangfaldet, med stor terrengslitasje i nærområdet på Rossnos. Vi skal ikkje gå langt frå Rossnos før vi kan treffa på reinsdyr sommarstid, i fyrste rekke bukkar. Auka ferdsel vil redusera bruken av dette området. I tillegg til dei økologiske konsekvensane, vil sjølve anlegget etter mi meining vera ei synsforureining.
– Og det positive, for kommunen og innbyggjarane?
– Det blir hevda at gondolbanen vil skapa mange arbeidsplassar, og auka trafikk til Odda vil bety større omsetnad for handelsstanden. Hovudmengda av trafikken vil koma i sommarmånadane, og det betyr truleg at det då vert behov for fleire deltidstilsette, men det blir neppe mange nye heilårs arbeidsplassar. Trafikken sommarstid er alt stor i dette distriktet, ikkje minst fordi det kjem bortimot hundre tusen som skal gå til Trolltunga. Fylkesveg 13 gjennom Oddadalen er alt sterkt belasta om sommaren, og med auka trafikk vil det bli lite triveleg å nytta denne vegen, og til stor ulempe for dei lokale brukarane.
Odda har fått fleire gode restaurantar, og Buer restaurant i Buerdalen, med utsyn til Buerbreen, vart opna i juni i år.
– Den fekk imponerande omtale i riksaviser, og vil føra til at folk kjem langvegs frå for å oppleva matkultur og natur i Buerdalen. Det er altså ikkje særleg behov for restaurant på Rossnos, som i verste fall kanskje vil riva noko av kundegrunnlaget vekk frå eksisterande serveringsstader.
Naturen i Hardanger er unik i verdssamanheng
Unik natur
– Ullensvang har blant anna ansvar for å leggje til rette for lokal verdiskaping og at nasjonalparkane vert meir tilgjengelege. Nokon meiner kommunen gjer dette med denne banen?
– Dette argumentet kjøper eg ikkje i det heile. Naturen i Hardanger er unik i verdssamanheng, nettopp med fjella, fossane, fjorden og fonna. Dette er det lenge sidan verdssamfunnet oppdaga, utan eit gondolprosjekt. Vi kan berre tenkja på tida før industrien kom til Odda, med alle turistskipa som kom her, og med alle hotella som den gongen vart bygde. Industrirøyken sette ein stoppar for dette, men no er for lengst Smelteverksrøyken borte, og folk strøymer til kommunen som aldri før, ikkje minst med merkevara Trolltunga som viktig trekkplaster.
– Fryktar du at lobbyverksemda, med ordføraren i spissen, skal føre fram for gondeltilhengarane?
– Kommunestyret har gløymt at dei styrer ein nasjonalparkkommune, og dei tek heller ikkje omsyn til FNs Naturpanel, som har framheva at verda står midt oppi ei naturkrise med fare for utrydding av eit stort artstal. Eg vonar at Statsforvaltaren har ei solid ryggrad, som skal til for å stå mot presset når lobbyverksemda vert sett inn for fullt, seier Reidar Borgstrøm.