Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Kuttet viser at det er eit stykke mellom liv og lære

Regjeringa har foreslått eit kutt på ti millionar til kulturminnevernet i 2021. Direktør Erik Lillebråten i stiftelsen Norsk Kulturarv er både skuffa og overraska.

På meir enn ein måte er det «butikk» for storsamfunnet å drive kulturminnevern, meiner Erik Lillebråten, direktør i stiftelsen Norsk Kulturarv. Foto: Knut Kvingan
På meir enn ein måte er det «butikk» for storsamfunnet å drive kulturminnevern, meiner Erik Lillebråten, direktør i stiftelsen Norsk Kulturarv. Foto: Knut Kvingan

Karl Erik Berge har intervjua direktør Erik Lillebråten i sitftelsen Norsk Kulturarv.

No har direktøren i Norsk Kulturarv skrive brev til klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

«Når regjeringa forslår så betydeleg kutt i landets kulturminnevern, er det berre å forvente at reaksjonane blir sterke. Vi har – som Fortidsminneforeningens generalsekretær Ola H. Fjeldheim har uttala – heilt klart vore av den oppfatninga at regjeringspartia er opptatt av kulturminnevern. Det står i «Granavolden-erklæringen» at Kulturminnefondet skal styrkast, noko vi har sett i fleire år. Men så dette», skriv Erik Lillebråten i brevet.

– Kor mykje pengar burde Kulturminnefondet fått på neste års budsjett?

– Det burde i alle fall ikkje vore nokon reduksjon. Med ambisjonane som ligg i «Granavolden-erklæringen» om auke i ramma til Kulturminnefondet, er det overraskande at vi plutseleg ser ein reduksjon. Det skal seiast at det har vore ein betydeleg auke dei siste åra, men så har det også vore teke til orde for at målet må vera 200 millionar i året. Ut frå tidlegare berekningar, kan vi anslå at dei ti millionane det er snakk om totalt sett, ville gitt ca. 35 millionar i verdiskaping.

«Butikk» med kulturminnevern

– 2020 er hardt prega av koronapandemien. Går det an å forstå kuttet midt i den pågåande pandemien?

Annonse

– Det som er synd, er at det ikkje heller blir snudd den andre vegen, og at ein tiltakspakke for kulturminnevernet ville hatt store positive ringvirkningar – for kulturminnevernet, og for lokalt næringsliv. Vi veit at det staten og andre bevilgar til kulturminnevernet, kjem attende til statskassen i form av skattar og avgifter. På meir enn ein måte er det «butikk» for storsamfunnet å drive kulturminnevern.

– Kvifor skal Norge satse så mykje på gjenbruk av bygningar?

– Det er eit klart mål i stortingsmeldinga om kulturmiljøpolitikken. Det er ikkje for ingen ting at kulturminnevernet i Norge ligg til Klima- og miljødepartementet, ikkje til Kulturdepartementet.

– Bygningsvernet, blant anna, er ein viktig del av miljøvernet. Dagens bygningsmasse har allereie tatt klimabelastninga. SINTEF anslår faktisk at av den bygninsmassen vi skal bruke fram mot 2050, er opp mot 80 prosent allereie bygd.

– Vern gjennom bruk

– Kva betyr desse bygningane for lokalmiljøa?

– Svært mykje! Alle, gamal som ung, er opptatt av at kulturarven vår blir teke vare på. Vi i Norsk Kulturarv er i tillegg opptatt av at det skal vere ein forsvarleg og framtidsretta bruk – Vern gjennom bruk. Vi registrerar at fleire og fleire aktørar innanfor kulturvernet «adopterar» visjonen vår. Det er vi glade for og stolte over. Det er rett veg å gå.

– Kva fortel millionkuttet om klimasatsinga til regjeringa?

– Regjeringa er opptatt av det, men vi ser stadig at det er eit stykke mellom liv og lære. Ein ting er kva som blir sagt og skreve. Kva som blir gjort, er noko anna, dessverre. Y-blokkas skjebne i regjeringskvartalet i Oslo er eit eksempel på det. Gamle sætrar som blir reve på Dovrefjell eit anna, seier Erik Lillebråten.

Neste artikkel

Etterlyser mer hjelp til klimaomstilling