Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Flott hjorteforsøk

I år blir det fri avskyting av hjortekalv i tre kommunar på Vestlandet. Det er eit forsøk Peder Nernæs ønsker velkommen.

– Folk har ein tendens til å berre skyte dei kalvane dei må, erfarer Peder Nernæs. Foto: Karl Erik Berge
– Folk har ein tendens til å berre skyte dei kalvane dei må, erfarer Peder Nernæs. Foto: Karl Erik Berge

Mjølkebonde og fylkesleiar Peder Nernæs i Hordaland Bondelag blir intervjua av Bondebladets Linda Sunde.

Hjortejakta startar 1. september. Samstundes går startskotet for eit forsøksprosjekt med fri avskyting av hjortekalv i dei tre kommunane Kvinnherad, Aurland og Kinn.

Det er Peder Nernæs, leiar i Hordaland Bondelag, glad for.

– Eg ynskjer velkomen alle forsøk som kan regulere hjortestamma, seier han.

Fylkesleiaren er dessutan spesifikt glad for dette forsøket.

– Om fri avskyting er riktig, veit ein ikkje før ein har prøvd. Det er derfor dei gjer det som eit forsøk. Men det er ein tanke eg har hatt i fleire år, avslører han.

– Skote for lite unge dyr

– Det er lite tvil om at ein må endre avskytinga, til meir kalv og ungdyr. Historisk har det vore feil skattlegging av stamma. Ein har skote for mange vaksne bukkar og koller. No er ein i ferd med å endre avskytinga, til meir unge dyr. Eg syns det er flott at ein no gjer dette forsøket. Så får vi sjå om dei klarer å skyte nok kalv.

– I store deler av Vestlandet er det stort behov for å redusere hjortestamma. I enkeltområde er det veldig høgt beitepress på innmarka og skogen. Det er behov for å redusere talet på dyr, og sitje igjen med ei levekraftig stamme med sunne dyr, seier Nernæs.

Store beiteskadar

Hjorten er eit problem i fylket hans, Hordaland.

– Vi har veldig store beiteskadar på innmark, og tiltakande beiting på skog. Det fører til kvalitetsskadar på etablert skog, og det er vanskeleg å få planta ny, fordi hjorten et opp plantane etter at dei er planta.

– For oss som driv grasproduksjon, er ikkje problemet berre redusert avling, men at kvaliteten blir forringa. Hjorten tygg drøv, akkurat som kyrne og sauene, og dei likar det same fôret. Så hjorten et det graset som kyrne likar best. Hjorten beiter opp kulturgraset, og ugraset står tilbake, seier han.

Nernæs har opplevd problemet sjølv.

Annonse

– For nokre år sidan var det 40 dekar det ikkje var vits for meg å slå i andreslåtten, fordi det var aldeles nedbeita. Det var ingenting å slå. Det illustrerer problemet. Der det er mykje beitetrykk, får ein også mykje avføring i fôret.

Sikter på kalv

Peder Nernæs bur i eit pressområde, og han skal sjølv jakte. Og han skal sikte på kalv.

– Eg byter til meg løyve, så eg skyt meir kalv, ungdyr og kolle. Er det lite vaksen bukk kan eg la vere å skyte den eine store bukken, og heller skyte meir av kollene, kalvane og ungdyra.

Mjølkebonden meiner fleire kalvar bør skytast.

– Avskytingsstatistikken viser at ein i mange år har skote for lite unge dyr. Mange er interesserte i å jakte, men ikkje så mange er interesserte i å drive forvaltning. På post er det meir freistande å skyte bukken. Folk har ein tendens til å berre skyte dei kalvane dei må, er mitt inntrykk. Når det er fri avskyting av kalv, og det ikkje går ut over resten av kvoten, er håpet at talet på skotne kalvar går opp.

Nernæs meiner grunneigarane burde vere meir interesserte i forvaltning av hjortestamma.

– Mange bønder er plaga med hjorteskadar på innmark og skog, men erfaringa er at det er vanskeleg å rekruttere folk til å sitte i valdstyre og styre i bestandsplanområde. Det er forferdeleg synd. Om ikkje grunneigarane vil drive grunneigarstyrt forvaltning, kan det offentlege kome og bestemme korleis det skal vere, åtvarar han.

Spørreundersøkelse etterpå

Konklusjonane frå prosjektet FriKalv blir eit viktig grunnlag for å vurdere om fri avskyting av kalv kan vere eit nyttig framtidig verkemiddel i hjorteforvaltinga, meiner Norsk institutt for naturforskning.

Forsøksperioden for FriKalv er på to år. Etter det blir det sendt ut ein spørreundersøkelse til jegerar og andre sentrale aktørar, for å avdekke haldninga til – og erfaringane med – FriKalv.

Forskarane ynskjer mellom anna å dokumentere eventuelle endringar i avskytingsmønsteret mellom forsøksperioden og åra før forsøksperioden, og undersøke i kva grad grunneigarane med beiteskadar oppfattar ordninga som nyttig og konfliktdempande.

Neste artikkel

Elgjakt-verdier i milliardklassen