Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Branntiltak som verkar

Branntilløp på garden kan få katastrofale følgjer. Norske bønder har 452 000 driftsbygningar, og automatisering og effektivisering gjer at elektronikk og utstyr står heilt sentralt i moderne fjøs.

Det er sikkert ikkje mange bønder som tenkjer på brann til dagleg. Men med mange dyr, ofte i fjøs med mykje elektrisk utstyr, er dei fleste klar over dei store brannfarane som finst.

To av tre brannar har samanheng med elektrisitet, opplyser Landbrukets brannvernkomité. Montørfeil er og årsaken i dei fleste tilfelle kor alarmar går av i tide og utide. Dette kom fram i ei undersøking frå 2013 utført av Landbrukets brannvernkomité.

Nye tal viser at det brenn mindre på norske gardar. Trenden frå 2013 og fram til no viser ei positiv utvikling, etter fleire år med auka skadeutbetalingar etter brannar. Dette skuldast primært satsing på el-kontrollar med varmesøkande kamera, meiner Landbrukets brannvernkomité og Gjensidige.

Termografering er ei felles satsing frå forsikringsselskapa og landbruksnæringa, og innebærer at temperatur blir målt med infrarødt kamera.

Annonse

I tillegg har Landbrukets brannvernkomité, saman med Norsk Landbruksrådgiving, innleia samarbeid med NTNU i Trondheim for å lære opp kommande elektroingeniørar om korleis dei skal prosjektere meir brannsikre driftsbygningar. Dei held også kurs i varme arbeider for bonden, etter krav frå forsikringsselskapa.

På HMS-området har brannvern kome inn som ein obligatorisk del av KSL, og Mattilsynet har skjerpa krava til telefonvarsling ved brannalarm.

Redskaper til bruk i varme arbeide er svært brannfarleg. Det har òg ført til fleire store brannar i landbruket. Meir informasjon om farane ved dette, og at ein kan få avkortning i forsikringsutbetalinga, viser resultat.

Satsinga mot brannfarar i elektriske anlegg og utstyr har hatt ein tydeleg effekt. Dette er godt nytt for landbruket, som har opplevd mange store branntragediar dei siste 20-åra.

Neste artikkel

Gjensidige varsler prisjusteringer