Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ber Bondelaget gjere meir for aktive mjølkebønder

Er det på tide å skape nytt liv i Norske melkeprodusenters landsforbund (NML), spør Elling Aarsland.

–  Dersom Bondelaget ikkje har som mål å kjempe for aktive mjølkebønder, treng vi eit alternativ, seier mjølkebonde Elling Aarsland. Foto: Privat og Delaval
– Dersom Bondelaget ikkje har som mål å kjempe for aktive mjølkebønder, treng vi eit alternativ, seier mjølkebonde Elling Aarsland. Foto: Privat og Delaval

Mjølkebonde Elling Aarsland intervjues av Bondebladets Karl Erik Berge.

NML er ein næringsorganisasjon for aktive mjølkebønder.

Norges Bondelag er glad i alle, men mjølkebonden på Vigrestad meiner organisasjonen må gjere meir nettopp for den aktive bonden.

– Ta utkjøpsordninga for mjølk til dømes: Det er svært mange utleigarar av mjølkekvotar som vil selje kvoten. Bondelaget fekk åtvaringar om dette, men likevel vart dei samde om å ikkje trekkje på grunnkvota, fordi då ville alle bli sure. Framfor at alle bidrar likt, skal nokon få aktive framtidsprodusentar som leigde kvotar ta mykje av nedgangen. Dette finn eg svært usolidarisk, seier Aarsland - og legg til:

– Her har ikkje Bondelaget vore merksame nok. Eg foreslår at ein må endre dette, og at produsentar som mister leigekvoten, får tilbod om å kjøpe tilbake 50 prosent av mista volum, seier Aarsland.

Sjå til Norsvin og NHO

Mjølkebonden på Vigrestad meiner bøndene må sjå seg rundt og lære av andre.

– Pelsdyrbøndene har ein organisasjon, Norges Pelsdyralslag, og ein leiar som kjempa for rettferd. Grisebøndene har samvirkeorganisasjonen Norsvin som tek seg av politikken deira. Er det på tide å skape nytt liv i Norske melkeprodusenters landsforbund, som ein næringsorganisasjon for aktive mjølkebønder? Bør vi tydeleggjere interessegruppene og samle dei under bondelagsparaplyen, slik som dei gjer det i NHO?

Vigrestad-bonden vil lufte tankar rundt dette, eller om ei eventuell omorganisering av Bondelaget.

– Eg meiner ein må ta denne diskusjonen. Situasjonen viser at vi har eit system som ikkje taklar nye tider. Norsvin og Pelsdyralsslaget kjempar for medlemmene sine, men Bondelaget skal kjempe for alle kvoteeigarar. Det er ikkje godt nok for den aktive mjølkebonden.

Annonse

– Vil starte ein diskusjon

– Har du snakka med andre mjølkebønder på Jæren eller fylkesleiar Marit Epletveit i Rogaland Bondelag om dette?

– Eg har berre snakka med ein annan mjølkebonde. Eg kan ikkje så mykje om omorganisering, men dette er meint som eit innspel som kan skape nye tankar og starte ein diskusjon. Det har vore så mykje styr med denne utkjøpsordninga, og det er graverande det som skjer no, med tanke på dei aktive mjølkebøndene. Det er snakk om store kostnader for mange bønder, og det skulle vore tenkt meir over dette før ein sa ja til denne ordninga.

– Kvoteordninga har no utvikla seg til eit årleg milliardsluk for aktive mjølkeprodusentar, til fordel for den passive.

– Vurderer du å melde deg ut av Bondelaget?

– Nei, det har eg ikkje tenkt. Eg pleier ikkje å syte mykje, men dette er så viktig, og derfor gjer eg det. Bondelaget driv med så mykje, men dei gjer ikkje nok for mjølkebonden. Dei må skjerpe seg, og derfor kjem eg med dette utspelet no.

Elling Aarsland har sendt brev til både Bondelaget og Landbruks- og matdepartementet om utkjøpsordninga. I brevet spør han om kvifor ordninga vart utforma på denne måten, og han kjem med forslag til endringar.

– Har du fått svar?

– Nei, eg har ikkje det. Eg les at Per Olaf Lundteigen (Sp) har vore inne på dette, men eg er usikker på om han når fram med sine utspel. Å gjere alle til lags er ikkje politikk, det er ein draum. Dersom Bondelaget ikkje har som mål å kjempe for aktive mjølkebønder, så treng me eit alternativ, seier Vigrestad-bonden.

Neste artikkel

– Endringen gjelder ikke for veldig mange