Det er skriven og sagt så mykje om at det var vårt Storting som var einige om å ha den store mengda av store rovdyr som me har nå. Då vart det gjort ein stor urett mot oss på bygda som skal leve saman med alle desse store rovdyra, gjeve dei mat og passe på dei. Gjeng ut frå at det er våre fagfolk i Viltdirektoratet som har komen med dette framlegget til Stortinget. Ein burde kanskje lite på våre rovdyreksperter, men her har dei teke heil feil. Dei store rovdyra og den mengda av dei gjev stor endring i vår dyreverden og naturen som ikkje på langt nær er naturleg. Det dykk ikkje har rekna med er at store rovdyr må ha mat og rett mykje mat.

Me som dreiv med husdyr måtte passe på at me ikkje hadde meir dyr enn me hadde mat til. Dette måtte ein rekne nøyaktig ut. Er dette ikkje gjort for dei store rovdyra? Om utrekninga er gjort eller blir gjort, vonar et at me alle kan få se den. Rovdyr tek mange slag dyr, men la oss få utregninga i mengde av hare, orrfugl, storfugl, rådyr, hjort, elg og sau. Dette må me vel ha krav på.

Vil her helde meg til gaupa då det er det me har i Telemark. Ulven er vanskelig å leve saman med. Nå er det ikkje alltid at ulven er farlig, og ber difor våre ulveeksperter gi oss svar på: «Når er ulven farlig og når er den ikkje det, og kven er den farlig for?» Dette bør me få greie på. Me har evna til å gravleggja fakta og let som om det ikkje er i det heile tatt.

Den jakta på gaupa som blir gjort nå, minkar ikkje på gaupa av di den fastsette gaupemengda er mest den sams. Det må vere dei som bur i bygda som avgjer kor mange gauper ei kan ha og kor mange dei vil ta ut kvart år. I dag er jegeren bare «fotfolk» for dei som styrer med rovviltet. Jegeren og grunneigaren må segja stopp, og organisere jaktlag for bygda, fylket og landet i saman med Bondelaget for å stå sterkere. Dykk som har satt dette i gang får trekke i jaktuniform og ta jaktprøva (+30 skot), og ut på kaldaste vinteren og kjenne slitet for å holde gaupa i sjakk. Gaupa vil kanskje auke noko så lenge det er rådyr og hjort, men dyr, og serleg rovdyr er flinkare enn oss, dei aukar ikkje når det er for lite mat.

I dag er det mest ikkje småvilt og andre dyr og fugler igjen i skogen når ein samanliknar med det som var i åra 1920-1970 som eg minnast. Dengang var småviltet ein del av maten for mange og det var langt trivelegare i skogen med dyr. Verre er det at ein del av dyr og fugl kanskje er utrydda Nå har vel ikkje gaupa åleine teke alt dette, men den har vore altfor hard i matfatet og kongeørna har nok hjelpt til einskilde stader slik at hauk og mindre rovdyr må leve på mindre fugl og småfugl.

Miljødepartementet og Stortinget må sette ned gaupemengda mykje. Det har dei til nå ikkje gjort. Vonar at våre vilteksperter tar seg til å gå i skogen for å se om det er lite eller mindre enn lite med vilt. Det er bare eldre jegere som minnast korleis det var, og foto frå tidligare jakter viser fakta. Maten for gaupa i dag er mange stader mest bare rådyr, hjort og sau.

Dette er i alt ein hardkritikk på dei som har fått så mykje rovdyr i landet, men me må ta det opp til drøfting og spursmålet er: Skal grunneigaren og jegeren i bygda vere med og fastsette kor mykje gaupe ein skal ta ut kvart år. Ja, kanskje alt i einskilde bygder. Eller skal det vera som i dag med mindre og mindre av dyr og fugl i skogen. Det er og mange som vil ha fleire store rovdyr, og mange av dei som går i skogen i dag trur at slik skal det vere. Ein ting er sikkert. Gaupemengda må ned i mange bygder om me skal få attende småviltet.