Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No kan du søkje om produksjonstilskot

Søknadsfristen er 15. mai 2017, og du må levere elektronisk.

Søknadstid: No kan du søkje om produksjonstilskot i jordbruket. Som hovudregel kan du ikkje levere søknad etter at søknadsfristen har gått ut, og du kan ikkje lenger levere søknad seint og få eit trekk. (Foto: Lars Olav Haug)
Søknadstid: No kan du søkje om produksjonstilskot i jordbruket. Som hovudregel kan du ikkje levere søknad etter at søknadsfristen har gått ut, og du kan ikkje lenger levere søknad seint og få eit trekk. (Foto: Lars Olav Haug)

No kan du søkje om produksjonstilskot i jordbruket. Teljedato er 1. mai. Det er føretak som driv med husdyrproduksjon som kan søkje om tilskot i mai. Om du berre har bikubar, eller berre driv med planteproduksjon, skal du ikkje søkje før i oktober, opplyser Landbruksdirektoratet på sine heimesider.

Søknadsfristen er 15. mai 2017. I søknaden fører du opp talet dyr du disponerer per 1. mai (teljedato). Det er kommunen som handsamar alle søknadar og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot. Søknaden må leverast elektronisk.

For å søkje elektronisk, må du ha tilgang til å logge deg inn via Altinn.

Les også: Jordbruksmeldingen: Her er det viktigste endringene

Som hovudregel kan du ikkje levere søknad etter at søknadsfristen har gått ut, og du kan ikkje lenger levere søknad seint og få eit trekk. Ettersom dette er ein ny regel, så vil det vere mogleg å levere søknad fram til 29. mai i 2017. Men dette vil berre vere mogleg i 2017. Etter 29. mai er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Frå og med 2018 har du ikkje moglegheit til å levere inn søknad etter at søknadsfristen har gått ut. Du kan søkje om dispensasjon frå søknadsfristen, men dispensasjon blir berre gjeve i særlege tilfelle, meldar Landbruksdirektoratet.

Du kan endre opplysningane i ein innsend søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut.

Les også: En av tre nye eiere er kvinne

Søkjer du om produksjonstilskot, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtalen og i forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søkjer:

Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot gir deg informasjon om kva for vilkår du må oppfylle for å ha rett på tilskot, og rettleiing til korleis du skal fylle ut søknaden.

Nettsida om det nye søknadssystemet for produksjonstilskot gir deg meir informasjon om korleis det nye systemet er.

Jordbruksavtalen og forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket inneheld reglane som gjeld for tilskotsordningane.

Rundskriv 2017-10 (kommentarrundskrivet) gir deg informasjon om korleis ein skal forstå føresegnene i forskrifta.

Annonse

Informasjonsskrivet gir kortfatta informasjon om søknaden du skal levere i mai.

Det er kommunen som handsamar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot.

Les også: Flere får tilskuddstrekk

Neste gong du kan søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er i oktober. Søknadsskjemaet opnar 1. oktober, og søknadsfristen er 15. oktober.

I oktober søkjer du om dei same tilskotsordningane som du søkjer om no i mai. I tillegg kan du søkje om:

• tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2017

• tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar

• distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker, samt matpotet i Nord-Norge

• areal- og kulturlandskapstilskot

• tilskot til dyr på beite

• tilskot til dyr på utmarksbeite

Les også: Skal lede bøndene i Rogaland Bondelag

Neste artikkel

Bønder og fiskere mest fornøyde