Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Håpar på auka grøntsatsing etter nytt Lærdal-pakkeri

Fredag opna landets største pakkeri for frukt og grønt. Landbruks- og matministaren håper det skal inspirera fleire til å satse på grønt.

Satsar friskt: Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) deltok fredag under opninga av nytt frukt- og grøntpakkkeri i Lærdal. – Det er ingen tvil om at dette er ei investering som verkeleg har sett Lærdal og Sogn i førarsetet, seier statsråden. (Foto: Hanne Stedje)
Satsar friskt: Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) deltok fredag under opninga av nytt frukt- og grøntpakkkeri i Lærdal. – Det er ingen tvil om at dette er ei investering som verkeleg har sett Lærdal og Sogn i førarsetet, seier statsråden. (Foto: Hanne Stedje)

Det nye pakkeriet på Håbakken i Lærdal, rett ved E16, har ein prislapp på nesten 80 millionar kroner. Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp), som fredag var til stades under opninga, meiner investeringa vil kunne gje mykje attende.

– Set Lærdal og Sogn i førarsetet

– Det er ingen tvil om at dette er ei investering som verkeleg har sett Lærdal og Sogn i førarsetet med tanke på frukt- og grøntnæringa. Det som er veldig inpirerande, er at det er så mange produsentar som har stått saman om dette. Pakkeriet er veldig viktig for vidareforedling og ikkje minst for lagring av frukt og grønt. Det håpar eg kan bidra til at fleire i området ønsker å satsa på frukt og grøntproduksjon, uttaler Borch i ei pressemelding.

Det var Sogn Avis som fyrst melde om saka.

Pakkeriet i Lærdal er no landets største pakkeri for frukt og grønt. Lokalisert på Håbakken i Lærdal, rett ved E16, vil produsentane i Sogn ha store fordelar med tanke på logistikk og distribusjon.

– Eldsjelar som vil noko

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) var særs entusiastisk over resultatet.

– Dette viser verkeleg kva som er mogleg å få til gjennom samarbeid. Her er de i Sogn eit døme å følgja for veldig mange andre. Det er utruleg kva de har fått til i løpet av eitt år. Eg kjenner ei utruleg glede over å vera her no, ikkje minst over engasjementet de viser. Det er menneske, eldsjeler, entusiastar – dei som vil noko – som dreg eit lass og som formar ei samfunnsutvikling. Og det er menneska i lag som skapar suksessen, det er det som er så unikt her. 140 produsentar hadde kvar for seg aldri fått dette til, seier Askeland.

Fredag 1. juli opna eit nytt pakkeri i Lærdal. Dette er no landets største pakkeri for frukt og grønt. (Foto: Hanne Stedje)
Fredag 1. juli opna eit nytt pakkeri i Lærdal. Dette er no landets største pakkeri for frukt og grønt. (Foto: Hanne Stedje)

Endre Kleiveland, Styreleiar i Sogn Frukt og Grønt, Endre Kleiveland, kaller på si side dette for "samvirkemodellen på sitt beste".

– Alle er med og bidreg. Det betyr at me har samla sett har volum me kan levera og nettverk å distribuera til. Det er det som gjer at me samla kan ta dette løftet i lag, seier Kleiveland.

Regjeringa har eit ambisiøst mål om å auka sjølvforsynsingraden til 50 prosent. Noreg er stort sett sjølvforsynte på mjølk, egg og kjøt, men statsråden ser store mogleigheter innanfor særleg frukt, grønt og korn.

– Difor må me legga til rette for verkemiddel som løftar frukt og grøntnæringa, og det meiner eg me har starta på i årets jordbruksavtale med eit kraftig auke i tilskot til dei som vil satsa, seier Borch.

Neste artikkel

Vil vite mer om den arktiske jordhelsa