Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Endring i sanntid over tid

Nibio-årboka Utsyn gir slikt overblikk over norsk landbruk. Ei fersk utgåve er nyleg publisert. I 2019 var det 38 900 jordbruksbedrifter. Det er 700 færre enn i 2018. I 1959 hadde vi over 198 000. Nær 130 000 av desse hadde areal på 50 dekar eller mindre. Da utgjorde leigd jordbruksareal 12 prosent, skriv Nibio.

Endringane som frå eit år til det neste knapt er synlege, kan over nokre tiår fortelje om endringar av langt vidare dimensjonar enn akkurat for dei åra målinga gjeld. Når sanntid er blitt den nye normalen, kan dette virke sakte. Målt mot ein mannsalder, tida det tar å avløyse ein generasjon med den neste, rundt rekna 30–33 år, kan vi likevel sjå store endringar – også i jordbruket.

Annonse

– Utviklinga har gått frå eit arbeidsintensivt til eit kapital- og kunnskapsintensivt landbruk etter andre verdskrig. Gardsbruka er blitt færre, større og meir spesialiserte, seier landbruksøkonom Heidi Knutsen som har vore redaktør for boka.

Neste artikkel

Nå skal sauen klimakalkuleres