Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir sau i Vest-Agder

Treårig prosjekt har gitt betydeleg framgang.

Illustrasjonsfoto: Helle Cecilie Berger
Illustrasjonsfoto: Helle Cecilie Berger

Eit treårig saueprosjekt har gitt betydeleg framgang og optimisme i sauehaldet i Vest-Agder. Dei tre siste åra har 43 sauebønder bygd nye sauehus eller fiksa på gamle for cirka 100 millionar kroner. Desse husa gir rom for over 6.000 sau. Vidare blei Vest-Agder beste fylke i landet med heile 83,5 prosent stjernelam på Nortura sin statistikk for 2014, og tap av sau og lam på utmarksbeite viser ein nedadgåande tendens, melder Fylkesmannen i Vest-Agder.

I prosjektperioden 2012-14 har syv faggrupper vore i sving. 50 prosent av sauebøndene i fylket har deltatt. Desse faggruppene har vore viktige for å styrke fellesskap og fagmiljøet i sauehaldet. Ei av faggruppene har vore for driftsforma utegangarsau. Denne driftsforma er i dag organisert i Agder kystbeitelag.

Annonse

Saueprosjektet leia av Ove Myklebust, har vore ei god oppleving av godt samarbeid mellom Vest-Agder Sau og Geit, Norsk Landbruksrådgiving Agder, Innovasjon Norge og Fylkesmannen. Prosjektet blir vidareført i mindre omfang i 2015, mellom anna med finansiering frå fleire av kommunane i fylket.

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag