Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Går unna med norske eple

Alle fruktpakkeria køyrer for fullt.

Det er travle tider i fruktnæringa. – Det er gode epleavlingar, og Bama tek unna alt det vi produserer, fortel dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt Leif Øie.
Det er travle tider i fruktnæringa. – Det er gode epleavlingar, og Bama tek unna alt det vi produserer, fortel dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt Leif Øie.

Dei norske epla sel godt om dagen. Kampanjar i enkelte butikkar har ført til stor auke i salet, melder Landbruksdirektoratet.

Sjå video: Reduserer kostnader med høstemaskin

Alle fruktpakkeria køyrer for fullt, og ein får ikkje nok varer ut til butikk. Enkelte butikkar køyrer kampanjar, og dette har ført til bra salsauke.

Fullt køyr på Utne

– Det er travle dagar no. Bama tar unna alt det vi produserer og arbeidsaktiviteten er på topp, seier dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt Leif Øie.

Lageret vart bygd i 2003/2004 og ligg på Utne i Ullensvang. Lageret disponerer til saman 10 kjølerom, og her kan ein lagra 1500 tonn frukt. Leif Øie tok over som dagleg leiar i juli 2011.

Lageret disponerer to lastebilar og ein varebil. Med desse bilane hentar ein alle eple og pærer heime hos dyrkarane.

– Det er 6. sesongen eg er med, og dette er det travlaste eg har opplevd. Vi reknar med det meste av haustinga er over innan 14 dagar, fortel Øie.

– Det er gode epleavlingar, men ikkje like gode som i 2014. Det er likevel ikkje langt unna, legg han til.

Aroma på topp

Aroma er framleis den meste populære sorten blant folk flest, meiner leiaren ved Hardanger Fjordfrukt.

Annonse

– Det er Aroma som slår best an, og det er litt uforståeleg for meg. Eg synest Discovery er ein betre sort, med meir smak og karakter, seier han.

Aroma er ein svensk sort som har oppstått etter ein krysning mellom sortane Ingrid Marie og Filippa.

Det er Gartnerhallen som anbefaler sortar for utplanting til fruktdyrkarar knytte til Hardanger Fjordfrukt. Det er særleg Raud prins, Discovery, Raud gravenstein og Aroma som blir planta ut, fortel Øie.

Har tru på Celina

Øie fortel om eit middels år for morellar i Hardanger, men med mindre norske plommer enn normalt.

– Vi var uheldige med vêret i haustinga, men likevel er det vanskeleg å forklara dette fullt ut – slik er naturen.

Når det gjeld pærer, er sorten Celina på veg inn. Det er tru på denne sorten i næringa, forklarer Øie.

– Vi har fire produsentar som har planta ut denne sorten no. Vi håper på ein opptur for Celina, for vi treng pærer i norsk fruktdyrking, seier fruktsjefen.

Les meir: Fortsatt vekst for Gartnerhallen

Neste artikkel

Krever tydeligere retningslinjer om arbeidskraft