Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.
Sommaren 2018 blei det målt 50 døgn med snittemperatur over 20 grader på Blindern, mot 37 døgn i 1947, som er ein av dei tørraste og varmaste somrane som er målt. I Noreg varte den ekstremt varme og tørre perioden frå mai til byrjinga av august.
Landbruket vart den store taparen. Det kom nedbør i august, men det kom for seint til å redde avlingane mange stader. Store avlingstap, ekstreme skogbrannperiodar, vassrestriksjonar og problem for dyre- og plantelivet, vart nokre av konsekvensane i 2018.
No står vi midt i ei ny tørkekrise mange stader på Austlandet og Sørlandet. Mange kornåkrar har tydelege problem. Ein del korn har ikkje kome opp, eller er hardt tørkestressa. Fyrsteslåtten av gras er langt under normalen for mange bønder. Regnvêr seinare i sommar kan hindre ein like dårleg sommar som i 2018, men det kan bli like ille.
Situasjonen no, fem år etter, viser kor sårbart matproduksjon er. Matberedskap er viktig, blir det slått fast i den ferske rapporten frå Totalberedskapskommisjonen. Ein gard må ha økonomi til å tole dårlege år, med tanke på at mange av innsatsfaktorane må betalast lenge før inntektene kjem inn. Økonomien var pressa for mange bønder frå før, tørken gjer det ikkje lettare.
Landbruksdirektoratet har høyna beredskapen. Hovudfunksjonen til direktoratet ved ei krise er å handtere søknadar om kompensasjon, samt informasjon knytta til søknadsprosessen. Dette er viktig, slik at alle som treng hjelp, får det. Ein skal melde til kommunen om tørkeskadar som har oppstått, eller vil kunne oppstå, tidleg.
I tillegg skal direktoratet, saman med statsforvaltarane og markedsregulatorane, overvåke og varsle. Dette er også viktig, for å kunne være tidlig ute med nødvendige tiltak.
Erfaringane frå 2018 viste kva godt samarbeid kan bety, blant anna mellom Bondelaget, NLR, Tine, Nortura og Felleskjøpet, og FK er ute med åtte gode råd for å takle tørka, sjekk bondebladet.no. Dette kan bli ein tøff sommar for mange bønder, men godt samarbeid i næringa vil hjelpe.