Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Tidlegare styreleiarar Harald Mork og Sveinung Svebestad går 9. september ut (Nationen) og ber bøndene halda kjeft når det gjeld Nortura. Makan til arroganse skal du leita lenge etter. Det einaste eg er samd med desse karane i, er at det er heilt feil å kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Nortura.
Sjølv er eg såkalla kårkall, men har det daglege stell og ansvar for to oppalhus (foreldredyr til slaktekyllingproduksjon). Eg prøver å halda meg oppdatert om landbruket, særleg Nortura. Konsernstyret og administrasjonen har i lang tid hatt ro og altfor snille bønder, når me ser kva økonomisk situasjon selskapet er komne i.
I 2022 hadde Den Stolte Hane eit overskot på 243 mill. kroner. Fatland hadde same år eit overskot på 154 mill. kroner. Då er resultatet til Nortura ein katastrofe. Her har ein lagt ned anlegg/slakteri i fleire år og så går drifta likevel dårlegare.
Nortura er ein topptung og byråkratisk organisasjon med for mange tilsette i administrasjonen. Det er for mange direktørar og andre med fine titler som er lønnsdrivande. Dette såg me tydeleg då det var ei samanlikning mellom Nortura og Fatland.
Ein kan ikkje driva samvirke i dag som for 10–15 år sidan. Det er idag ein beinhard konkurranse som krev dyktige folk i alle ledd. Difor er det på tide å få inn proffe næringslivsfolk i konsernstyret. Dette tok eg opp då eg sat i den sentrale valgkomiteen då Gilde og Prior fusjonerte. Eg møtte då sterk motstand, men står fortsatt på det.
Det er altfor få bønder som har kompetanse til å vera med å styra eit konsern som Nortura. Bøndene må også innsjå at det er altfor mange råd og utval som sinker sakshandsaminga og påfører Nortura altfor store utgifter.
Ein må slutta å vektleggja at omtrent alle regioner skal vera representert i konsernstyret og at det blant styremedlemmane skal vera produksjon av dei ulike dyreslaga Nortura tek hand om. Det gjeld å få inn dei dyktigaste bøndene inn i styret, same kor dei bur og kva produksjon dei har.
Me som driv med oppal av foreldredyr til slaktekylling føler at det rår ein ukultur hjå enkelte tilsette i Nortura fjørfe. Mange er skikkeleg skuffa over den økonomiske utviklinga den siste tida, og me ser at me taper i forhold til rugegg og slaktekyllingproduksjon. Oppalarane i Rogaland ba hausten 2022 om eit møte med Nortura fjørfe, men dei nekta å koma til Rogaland.
Ting tek altfor lang tid og tilsette kan ikkje ta ei avgjerd på sparket, men må rådføra seg med 2–3 andre eller helst setja ned eit såkalla hurtigarbeidane utval. Me lurer også på om det er dei rette folka som er i visse stillinger i Nortura fjørfe.
Slik situasjonen er i dag, stimulerer det ikkje til å gjera ein god jobb. No ventar eg spent på kva ein vil gjera for å få Nortura-skuta på rett kjøl.