Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Smaken av Lærdal

Lærdal har framfor alt vore kjent for Lærdalselva, ei av dei beste lakseelvane i landet. Elva vart infisert med Gyrodactylus salaris i 1996 og rotenonbehandla i 1997. 

Parasitten blei påvist på ny i 1999 og 2007 og elva har vore fullskala-behandla i tre omgangar. Det vart opna for fiske i 2013, og det ser lovande ut, men elva kan tidlegast bli friskmeldt i 2017.

Men laksenedturen og storbrannen i 2014 har ikkje knekt Lærdal. Bygda har gått frå krisestemning til suksess med frukt, bær og grønt, sjå sak side 16–18.

Lærdal Grønt vart etablert i 1999 og blir eigd av 42 produsentar, store og små. Moreller, bringebær, poteter og gulrøter går unna som varmt kveitebrød, ikkje minst i Bergen.

Lærdal har blitt eit varemerke i Bergen, og bergensarane ser på lærdalsbøndene som lokale leverandørar. Produkta frå Lærdal held høg kvalitet, og det veit kundane.

Lærdal Grønt leverer gjennom Bama til konsum, og Lerum er den store kunden på industri. Målet er ei omsetning på 100 millionar kroner i 2020.

Annonse

Omsetningsveksten av lokalmat i butikk auka med 8,8 prosent det siste året, viser tal frå Nilsen Scan Track. Det er 2,5 prosent meir enn salet av andre daglegvarer, der veksten er på 3,1 prosent.

Folk vil ha meir lokalmat, og det gir god medvind i Lærdal.

Morelledyrkarne visste lite om den ettertrakta steinfrukta då dei starta opp, men saman med Nibio Ullensvang, Graminor og Norsk Landbruksrådgiving har dei lukkast. I dag står Lærdal for 40 prosent av morellproduksjonen i Norge.

Lærdal har fremja lokal skaparkraft og næringsutvikling i ein kommune som måtte gå inn for omstilling og nyskaping i landbruket. Lærdal Grønt har brukt ressursar på å utvikle eigen profil, og med dette har dei bygd merkevare av topp klasse.

Det er all grunn til å gratulere lærdalsbøndene. Dei har jobba hardt og målretta, og no er det langt meir enn Lærdalselva som gjer bygda kjent.

Neste artikkel

Slo ring om markedsordningen