Det finns statistikkar på det meste om landbruket. Det er eit stort fleirtal i folket for å beholde landbruket og matproduksjonen. Når vi no er i ein krigssituasjon, er det verdt å legge merke til at ein norsk militærleiar nyleg uttala at landbruket burde få ein del av forsvarsbudsjettet for å oppretthalde vår eigen matproduksjon og sjølvberging. Det som var festtale før, er realiteten i dag.

Frå vondt til verre. Eit tilbakeblikk viser at det med jamne mellomrom har vore aksjonert for eit betre utkome i landbruket. Den første eg minnest var Halvard Storvik frå Bergsøya på Nordmøre. Den neste var Hitra-aksjonen, der landbruksminister Oskar Øknes lanserte ein opptrappingsplan, som skulle få inntekta i landbruket opp på linje med inntekta for ein industriarbeidar. Eit av problema er framleis at ein ikkje klarer å tallfeste denne opptrappingsplana, som framleis er ei kjellartrapp. Den går diverre berre nedover.

I dag snart 50 år seinare ligg gardbrukaren på ei årsinntekt på noko over 200 000 kroner, medan EU si fattigdomsgrense ligg høgare, på 250 000 kroner. Då er det meir enn innlysande at ein ikkje har lukkast. Det rette ordet er at ein har mislukkast. Noko talet på nedlagte gardsbruk er eit tydeleg svar på. Om nokon lurer, er det den politiske Høgreside og enda meir konkret, partiet Høgre og Arbeidarpartiet, som ikkje har vore meir bondevennleg enn dei har vore politisk nøydde til.

Høgrekreftene forsvarar marknadsøkonomien og meiner det også er redninga for norsk landbruk. Tine forsvarar utanlandssatsinga i Irland, der norske bønder dei tre siste åra har teke eit tap på ein halv milliard, etter å ha investert nær 1000 millionar i eit meieri i Irland. Dette reduserer inntektene til Tine sine mjølkeprodusentar.

Regjeringa Solberg gjorde ein uboteleg skade mot norsk landbruk då regjeringa tok vekk eksportsubsidiane for Jarlsbergosten. For å halde oppe mjølkeproduksjon i Norge, gjorde Tine eit heilt utruleg vedtak om å etablere eit meieri i Irland basert på irsk mjølk. Dette er utruleg, fordi Tines målsetting er å sørge for mottak og nasjonal mjølkeforsyning. Erstatningsansvaret til regjeringa for konsekvensane burde kompenserast før ein startar forhandlingane om jordbruksoppgjerdet.

Island har ikkje sett dei same utfordringane, som Bondelaget ser, med WTO, som ein av dei største utfordringane i krav til rammer i årets jordbruksoppgjer.

Regjeringsskapt strukturkaos. Som statsråd i Solberg-regjeringa klarte landbruksminister Sylvi Listhaug å påføre norsk landbruk ein uboteleg skade, med å dobble kvotetaket for samdrifter. Konsekvensane av eit slikt vedtak er det motsette av det som er berekraftigt eller forsvarleg. Kravet til investeringar i bygg og maskinpark er ei av sidene.

Innovasjon Norge er sett til å fordele investeringstilskota til landbruket. Dei driv etter dei same økonomiske prinsippa med marknadsøkonomi, med krav til stordrift. Dette er sterkt sentraliserande og fører til investeringar som det ikke er berekraft til, og som på sikt gjev økonomiske problem og depresjon. Dei finansierer ein bruksstrukturer, som er meir til skade enn til gagn for landbruket.

Den uheldige teigblandinga, med langa avstandar med dagens dieselprisar og slitasje på køyrar og materiell, er ei annan uheldig konsekvens. Det ideelle er at jorda ligg rundt tunet, då det gjev mest berekraft, utan teigblanding og lange avstandar til leigejorda, som er ein annan uting.

Katastrofevedtak. 4000 mjølkebønder driv i båsfjøs, som vert ulovlege i 2034. Ein kan undre seg over ei næring som innfører ei slik ordning, og med dei konsekvensar dette vil få for næringa. Skal vi tenke sjølvberging, har vi ikkje råd til å miske ein einaste matprodusent. Difor må den varsla katastrofa bergast med at ein fjernar dette «tøvete» forbodet.

Alle som har båsfjøs i dag, må kunne halde fram så lenge ein ønskjer å drive mjølkeproduksjon i båsfjøs. Lausdrift i alle nybygg etter 2034 står ein att med, og det er eit mykje mindre skadeleg påbod, enn forbod mot båsfjøs.

Manglar tru på framtida. Landbruket har dei siste 100 åra kjempa ein innbitt kamp mot markandskreftene, slik dei er komne til uttrykk først og fremst av partiet Høgre i stortinget, som har vore den sterkaste røysta for sveltefôring og utarming av norsk landbruk

Øksneskomiteen gjorde på 50 talet eit prinsippvedtak om at bøndenes inntekt skulle verte på linje med ein industriarbeidar. Dette har det ikkje vore politisk vilje til å gjennomføre, då ei årsinntekt i landbruket ligg under det EU kallar inntektsgrense for å eksistere.

Landbruk er ikkje berre eit yrke, men ein livsstil. Ein har ikkje fem dagars veke, men arbeider i tillegg både laurdag og søndag og har bakvakt heile veka 52 veker i året. Økonomisk må ein gardbrukar investere i bygningar, maskiner og driftskapital, noko ein industriarbeidar slepp unna. Ein industriarbeidar får løna si uavkorta, uten å måtte betale noko av produksjonskostnadane av løna si.

Depresjonstider. Det mest skremande i landbruksdebatten er signal om at stadig fleire får psykiske lidingar som følje av det økonomiske konsekvensane som landbruket ufrivillig er tvinga inn i. Når ein ikkje ser nokon utveg lenger, er det ikkje så lett å sjå framtida i møte, når ein ikkje ser nokon løysing eller lysning i framtida heller. Når bønder ikkje har hatt ein einaste fridag på 30 år, er det heller ikkje noko sunnheitsteikn om ein berre held seg til Arbeidsmiljølov, og ser bort frå det sosiale aspekt.

Sosialaspektet. Det grunnleggande her er at bruka i framtida må verte styrt av statens forkjøpsrett, for å få til ein berekraftig bruksstruktur. Eit leveleg tilvære må ha utgangspunkt i at arealet er samla, gjerne med arealgrense opp til dømes 200 dekar, og at dei første 100 000 liter mjølk får ein høgare pris og eit 2-prissystem for mjølk over denne minstegrensa. Slik vil ein få plass til fleire bruk og meir busetting i bygda. Det trengs eit ekspertutval med sunt bondevit, for å greie ut kva som må til for at norsk landbruk skal overleve oljealderen.