Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vinn-vinn med biogass

Husdyrgjødsel og avløpsslam er blitt ettertrakta vare. Begge deler kan bli ei viktig kjelde til produksjon av biogass. Etter at mikroorganismane har gjort jobben sin og produsert metan, sit ein att med eit flytande restprodukt kalla biorest. Bioresten er næringsrik og duger som gjødsel til planter.

John-Kjetil Hass brenn for biogass. Han er ein av 52 andelshavere som vil byggje eit anlegg på Sømna, sjå sak side 18–19. Fabrikken blir eit aksjeselskap, men Hass er klar på at bøndene må vere med på eigarsida. Målet er å skyte inn nok kapital, gjennom å eige 34 prosent av selskapet, til å sikre negativ kontroll. Mjølkebonden har tru på at bøndene skal klare dette.

Det skjer mykje positivt rundt biogass fleire stader i landet. Hå kommune tok nyleg imot KLPs klimapris for sitt arbeid med biogass. Kommunen har som mål å ha eit anlegg klart om tre år. Biogassen skal brukast til transport, oppvarming og anna. Bøndene kan bruke bioresten som naturgjødsel, og han kan også erstatte bruk av torv som vekstmiddel.

Annonse

Utfordringa for Hå, som har den største husdyretettleiken i landet, er at det ikkje er nok spreieareal til gjødsla. Kommunen manglar allereie 20 000 dekar, med dagens produksjon, og må blant anna køyre nesten all kyllinggjødsel ut av kommunen. Ved behandling av husdyrgjødsel i eit biogassanlegg, går fosfor frå problem til ressurs.

Biogassproduksjon er eit tiltak som kan redusere klimagassar frå jordbruket betydeleg. Samarbeid er stikkordet – for å etablere ei verdikjede for biogassen og gjere gassen konkurransedyktig.

Gjennom programmet Biogass og biodrivstoff vil Enova bidra til auke produksjon av berekraftig biogass og biodrivstoff. Studiar viser at det er eit stort potensial for produksjon av biogass og biodrivstoff basert på innanlandske ressursar. Dette er klimatiltak som gir vinn-vinn løysingar.

Neste artikkel

– Skikkelig gladmelding i mørketida