Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktige innspel frå beitenæringa til ny hundelov

Ei samla beitenæring og andre har kome med viktige høyringssvar på forslag til ny hundelov. Eit kompetansekrav for hundeeigarar er blant det som blir foreslått. Dette inneber at hundeeigaren skal ha nødvendig kunnskap om hunden sine behov, naturleg åtferd og bruksområde.

Det er også foreslått fleire endringar når det kjem til avliving av hundar. Departementet vil tydeleggjere og styrke politiets handlingsrom til å gripe inn på eit tidlegare tidspunkt og sidan bruke opptrappande virkemidlar. Det foreslås blant anna bruk av lovbrotsgebyr og tvangsmulkt.

I lovutkastet er forholdet mellom hund, hundeeigar og styresmaktene regulert, mens hunden som skadevolder berre i liten grad er omtalt. Erstatningsrettslege tiltak er ikkje tilstrekkeleg skildra, meiner Per Fossheim i Norsk Sau og Geit. Sjå sak under.

Han meiner det er feil at politiet skal gjere skjønnsmessig avgjerder, slik det er no, og at dette har ført til ulik praksis i ulike distrikt, noko som er klart uheldig. Lovverket bør også bli meir konkret på når hundeeigar har vore aktlaus og bonden kan krevje erstatning.

Annonse

Det er rundt to millionar sau på beite i Norge, og sauebønder melder kvart år inn mange angrep av lause hundar. I dag er det ordinær bandtvang frå 1. april til 20. august, men kommunen kan også innføre ekstraordinær bandtvang i beiteområde.

I forslaget til ny hundelov skal kommunen berre ha lov til å gjere det i område kor husdyr har rett til å beite og faktisk beiter, og det skal godkjennast av statsforvaltaren.

Forslaget til ny hundelov kan gi sterke avgrensingar for utmarksbeite, både grunna nye reglar for ekstraordinær bandtvang og hundeeigar sitt erstatningsansvar. Derfor er det viktig å lytte til innspela frå beitenæringa.

Neste artikkel

– Dette er svært dårlige resultater