Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig tiltak i villsvinjakta

I EU har talet på villsvin med afrikansk svinepest auka kraftig så langt i 2020, samanlikna med 2019. Frå januar og til og med 7. juli er det registrert 7 185 tilfelle, i elleve land, av afrikansk svinepest i vill­svin.

I 2019 enda det samla talet på registrerte tilfelle på 6 396, i tillegg til 346 utbrudd i tamsvin, melder nettstaden pig.333.

Afrikansk svinepest har ramma svinenæringa i mange land, særleg Kina. Kinesiske styresmakter har slakta og kondemnert fleire hundre millionar griser. Også i austlege delar av Europa, har viruset spreidd seg i eksplosiv fart.

Ein del ekspertar, blant anna professor Tore Mid­tvedt ved Karolinska Institutet i Sverige, meiner faren er stor for at svinepestviruset kan mutere og finne andre vertar, som menneske. Det er mange ­eksempel på at mikroorganismar, bakteriar eller virus, skiftar og angrip andre vertar når det er lønnsamt for dei. Midtvedt fryktar akkurat dette.

Annonse

Vi veit at det kjem stadig fleire villsvin over grensa frå Sverige til Norge. Østfold og Hedmark er særleg råka, og svenske forskarar har tidlegare sagt at det kan vere 100 000 villsvin i Norge om 25 år.

Norges Bondelag har kravd fleire tiltak for å unngå storinnrykk av villsvin. I april opna Miljødirektoratet for bruk av fast montert kunstig lys ved åtejakt på villsvin, og bruk av kunstig lys ved ettersøk av vill­svin. Tiltaket er eit ledd i oppfølging av handlingsplan mot villsvin som blei fastsett hausten 2019.

Erfaringar frå Sverige viser at over halvparten av felte villsvin blir skotne på opplyste åteplasser. Bruk av fast montert kunstig lys er derfor eit viktig virkemiddel i kampen mot etablering av villsvin.

Regjeringa har bestemt at villsvinbestanden i Norge skal forvaltast med mål om færrast mogleg villsvin, spreidd over eit minst mogleg område. Det er særdeles viktig for å hindre innførsel og spreiing av afrikansk svinepest her i landet.

Neste artikkel

Kraftig oppsving i salget av norskprodusert mat