Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig rolle for produsentrådet

Det er ein viss optimisme å spore i sauenæringa. Fleire næringsaktørar gav uttrykk for det under eit digitalt fagmøte om marknad og økonomi i sauenæringa tidlegare i haust.

For første gong på lenge gjekk vi inn i ein lammesesong med meir eller mindre null kjøt på lager. Samtidig har produksjonen gått ned dei siste åra. Det har vore ein nedgang på 50 000 vinterfôra sauer sidan 2018, og det er blitt ca. 1 000 færre produsentar.

Nortura forventar godt sal av lam i sesong også i 2021. Prognosert reguleringslager på lam ved utgangen av året, er på om lag 1 400 tonn.

I fleire år var marknaden for sau og lam i ubalanse, med fallande prisar til bonden som ein konsekvens. Årsmøtet i Norges Bondelag vedtok i 2020 å etablere eit produsentråd for sau, etter eit forslag frå Troms Bondelag.

Rådet skal tiltre når prognosane til marknadsregulator, altså Nortura, viser at det blir for mykje sau og lam på lager. Dersom dette skjer, skal vi oppfordre sauebønder, via mange kanalar, til å tilpasse produksjonen etter forholda, altså kor mykje lammekjøt som er på lager, forklarer Kristina Hegge, leiar av rådet, til Bondebladet.

Rådet har no jobba ei stund med organisering og planlegging. Det er viktig at rådet når bredt ut, derfor er det ni personar i rådet, sauebønder frå Rogaland til Troms. Desse ni skal lage sine eigne regionale kontaktgrupper.

Norsk lam er ei råvare mange norske kokkar trykkjer til sitt bryst. Stikkord her er smak, tekstur og utsjåande. I tillegg er lam ei råvare det blir knytt mykje regional identitet til, anten det er frå innlandet eller frå kysten vår. Samfunnsutviklinga taler også til sauens fordel, med auka fokus på berekraft, miljø og dyrevelferd. Lam innfrir på alle område.

Næringa har betydning for å halde oppe næringsverksemd og busetjing i heile landet, og for å utnytte beiteressursane. Derfor er marknadsbalanse og pris til bonden så viktig. Produsentrådet kan spele ei viktig rolle her.

Neste artikkel

Rovdyr er nøkkelarter i faunaen