Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig endring for svinebonden

Det har kome eit nytt rundskriv som gjeld svinebønder som må sanere etter LA-MRSA. No skal bruksverdien av fjøs og innreiing telje meir. Framleis skal det leggjast til grunn ei forventa levetid på 20 år for innreiing og 40 år for bygningskonstruksjonar.

«Dette vil derimot bare være et utgangspunkt for erstatningsutmålingen. I tillegg må fylkesmannen gjennomføre en skjønnsmessig vurdering av bruksverdien», står det i rundskrivet frå Landbruksdirektoratet.

Dei har endra dette etter oppmoding frå Landbruksdepartementet. Både Bondelaget og Norsvin har jobba mykje med å få inn desse endringane.

Dei nye reglane vil også gjelde bønder som allereie har fått erstatning. Direktoratet har no bedt fylkesmennene, på grunn av endringa i rundskrivet, gå gjennom MRSA-sakene som er behandla etter 13. juli 2017, og vurdere om erstatninga er riktig berekna.

Annonse

Dette er godt nytt for svinenæringa, både dei som er råka og dei som fryktar den smittsame og farlege sjukdommen. I staden for ei flat avskriving av bygningar og inventar, er no bruksverdien i langt større grad tatt omsyn til når erstatning skal utbetalast.

MRSA er ein frykta bakterie. Han er motstandsdyktig mot mange antibiotika. LA-MRSA er vanlegast å finne hos svin, men han finst hos fjørfe, storfe, småfe, hund, katt og hest.

LA-MRSA kan smitte over til menneske, og vidare mellom menneske. Personar som er berarar av MRSA, kan også smitte dyr, så her skal ein «trø stødig» for å unngå smitte. Bakterien er ganske vanleg i Europa, også på sjukehus, men på grunn av strenge, nasjonale smitteverntiltak, er førekomsten låg her i landet.

Når svinebøndene sanerer, gjer dei ein viktig jobb for folkehelsa. Styresmaktene må ta sin del av rekninga. Det nye rundskrivet er eit viktig steg i riktig retning. Men framleis må det jobbast vidare for å unngå at bønder som gjer ein særdeles viktig jobb for oss alle, sit igjen med urimelege konsekvensar.

Neste artikkel

Urbant landbruk øker i Norge og verden