Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig å følgje reglar for dyreflytting

I fjor sommar kom det ny dyrehelseforskrift i Norge. I forskrifta er det nye krav til alle som driv med produksjonsdyr, blant anna høgare krav til kunnskap om dyrehelse og større ansvar for å førebyggje smittsame og alvorlege dyresjukdommar.

Det er også nye reglar for flytting av produksjonsdyr i den nye forskrifta. Med dei nye reglane er det innført karenstid, altså tid for kor lenge ein må vente for flytting av storfe, svin og kameldyr.

Når ein skal flytte produksjonsdyr, må ein fylle ut ei eigaerklæring. Her må ein blant anna stadfeste at dyra ikkje har vist teikn på smittsam sjukdom dei siste 14 dagane.

Ved flytting av småfe, er det særleg to prinsipp det er viktig å merke seg – forbodet mot flytting av hodyr og dei nye småferegionane. Forbodet mot å flytte hodyr frå ein besetning til ein annan er det mest effektive tiltaket vi har for å beskytte småfebesetningar mot alvorlege sjukdommar, som for eksempel skrapesjuke, paratuberkulose og fotråte, meiner Mattilsynet.

Annonse

Dei nye krava kan virke både omfattande og byråkratiske, men det er lett å forstå at nye reglar tvingar seg på. Fleire smittsame sjukdommar kjem stadig tettare grensene våre, til dømes afrikansk svinepest og blåtunge, og vi blir nøydde til å gjere mest mogleg for å hindre at smittsame sjukdommar får feste her i landet.

Det er også gjort nokre forenklingar, det har blant anna blitt lettare å flytte hanndyr av sau no enn tidlegare. Dersom ein er usikker på dei nye krava i forskrifta, må ein ta kontakt med det lokale Mattilsynet. Dei lover å hjelpe. Det er klare krav, men det finst òg mange unntak i regelverket. Ingen spørsmål er for dumme når regelverket er nytt og omfattande.

Systemet er basert på tillit – tillit til den enkelte bonde. Det er viktigare enn nokon gong med godt samarbeid mellom tilsyn og næring. Det vil gagne både dyrehelsa og folkehelsa i landet vårt. •

Neste artikkel

Kongeørn og sau i Øst-Finnmark