Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi må gjere gode matvanar meir populært

Mange vestlege land slit med fedme. Vi et for mykje feit og usunn mat, og vi bevegar oss for lite.

Årsaka til at born og unge blir overvektige, er primært usunne kosthaldsvanar, inaktivitet og lang dagleg tid til skjermaktivitetar, men både genetikk, miljø og appetitt kan vere av betydning, skriv Folkehelseinstituttet.

Butikkane er fulle av usunne varer, og i tillegg er prisen på snacks, brus og kaloririk mat relativt låg, slik at mange vel å kjøpe dette framfor sunn og næringsrik mat.

Sist veke la den britiske regjeringa fram ein omfattande slankeplan for britane. I planen er det kosthaldsråd, treningsplanar for enkeltpersonar og familiar, slankeappar og tilbod om slankeband og -operasjonar.

Annonse

Det blir også forbod mot reklame for usunn mat på TV og nett mellom klokka 18.00 og 21.00, og det blir slutt på tilbod om «to for ein» for vare med mykje feitt, salt eller sukker. Vidare blir det forbod mot å plassere slike varer ved inngangen og kassane.

Slutt blir det også på gratis påfyll av brus og andre sukkerhaldige drikker på restaurantar. Store restaurantar må merka menyane betre, blant anna med kaloriinnhald.

I Norge er det ikkje lovregulering av reklame for usunne matvarer. Det var eit forslag på høyring i 2013, men dette vart lagt til sides av dåverande helseminister Jonas Gahr Støre (Ap). Forbod og reguleringar gir ikkje alltid resultat, men då må det etablerast andre tiltak som motiverer. Det har også skjedd, blant anna i form av avtalar om å redusere salt og sukker i maten. I tillegg har kjedene blitt flinkare til å marknadsføre sunne matvarer. Men er det nok?

Skulehelsetenesta skal gi råd om kosthald og fysisk aktivitet i skulealder. Saman med skulen bør ein prøve å påverke born og foreldre sine matvanar, til dømes kva som er god kvardagsmat og kva som er festmat. Å ete sunt, må bli populært, og vi må etablere ein sunn matpakkekultur. Bollar og brus er ikkje skulemat.

Neste artikkel

Urbant landbruk øker i Norge og verden