Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Velfortent gull til Reinert

Vel 14 dagar etter at Karsten Warholm tok ein imponerande gullmedalje på 400 meter hekk under OL i Tokyo, gjekk Reinert Kjølleberg frå Lista til topps her heime. Det var ikkje på friidrettsbanen, men bak topplasseringa ligg det mykje og målretta arbeid. Kjølleberg vann den nasjonale kulturlandskapsprisen. I år var det 21 kandidatar på blokka.

Kjølleberg driv med kjøt- og mjølkeproduksjon i eit område med svært store kulturlandskapsverdiar. Han kombinerer moderne jordbruksdrift med pleie av kulturlandskapet og har gjort ein stor innsats for å ta vare på og formidla verdiane i det spesielle kulturlandskapet på Lista.

«Den iherdige innsatsen hans med å setja i stand steingjerde, har vore imponerande. Steingjerda, som er typiske kulturminneverdiar i Lista-landskapet, er vakre element i landskapet og nyttige i gardsdrifta. Ved Reinerts innsats og velvilje har allmenta fått auka tilgjengelegheit til kulturlandskapet», seier juryen om vinnaren.

Lista-bonden har inngått avtalar for den delen av Kyststien som går over eigedommen hans, vel 800 meter, og på den måten for folk nyte godt av det vakre landskapet. Reinert gjer også ein innsats for naturmangfaldet. Han skjøttar naturbeitemark ved Pennehuset, der dyra hans, lyngdalsfe, beiter. Dette viser samanhengen mellom natur og bygningar, og forankrar den norske kulturarven på ein god måte.

Norsk Kulturarv har teke initiativ til kulturlandskapsprisen og samarbeider med LMD og Landbruksdirektoratet om kåringa. Hensikta med å dele ut ein årleg, nasjonal pris, er å auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet vårt, og få fram dei unike miljøverdiane som er i slike landskap.

Annonse

Nokre trur at kulturlandskapa går for eiga maskin. Det gjer dei ikkje. Skjøtsel og aktivt landbruk er særleg viktig for å ta vare på slike landskap. Dei betyr mykje for mange, både fastbuande, hyttefolk og turistar, og det gir positive ringverknader for ulike aktørar. Gratulerer så mykje til årets vinnar!

Neste artikkel

Få registreringer av åkerrikse i 2021