Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Velfortent fredspris til WFP

Forrige veke blei Verdens Matvareprogram (WFP) tildelt Nobels fredspris. Det vart ingen vanleg feiring med utdeling og fakkeltog i Oslo. På grunn av koronapandemien blei prisen overrekt David Beasley, leiaren for WFP, i Roma.

WFP er verdas største humanitære organisasjon. Årleg hjelper dei over 86 millionar menneske i 83 land, ifølge FN. Å utrydde svolt, er FNs andre berekraftsmål. I 2019 lei 135 millionar menneske av akutt svolt. I 2020 er situasjonen blitt verre.

Bondebladet har intervju med direktør for Verdens Matvareprogram i Sør-Sudan, Matthew Hollingworth, side 12–13. Sør-Sudan har eit underskot på mellom 400 000 tonn og 600 000 tonn kornprodukt kvart år, og i 2020 står WPF åleine for 310 000 tonn med korn. Det er omtrent same mengde kveite som vi produserer i Norge kvart år.

Eit verdsomspennande logistikkapparat gjer at WFP kan rykke inn med matvarebistand til land i krise. Rundt 80 prosent av WFPs ressursar i dag går til konfliktområde, men organisasjonen driv også med meir langsiktig matvarebistand, gjennom utviklingsprogram som «Food Assistance for Assets» og «skulemat».

Feilernærte barn har problem med å lære, uavhengig av kor god undervisninga er. Får barna mat, er det større sjanse for at foreldra faktisk sender dei på skulen. Det vil bidra til stabilitet i ein del av verda som treng det sårt. Prosjekta skal gi insentiv til auka lokal produksjon, utan å øydeleggje lokale marknader ved å dumpe billeg mat produsert andre stader.

Annonse

Under koronapademien er svolt blitt eit stadig større problem. Dersom ikkje FNs matvareprogram får den støtta som trengst, står verda overfor omfattande svoltkatastrofar.

«For kva da?» spurte Barack Obama da han fekk vite at han var blitt tildelt Nobels fredspris i 2009. Det treng verken Obama eller andre å lure på i år. Dette er ein veldig riktig og velfortent pris. Arbeidet til WPN viser betydninga av eigen matproduksjon. Koronakrisa viser kor sårbar matproduksjonen er, og kor viktig matproduksjon er for alle land i verda.

Neste artikkel

IFAD vil øke støtten til småskala landbruk