Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Velferdsordningane i landbruket er for dårlege

Det finst mange odelsjenter i landet vårt, og mange som vil overta gardar. Men som bonde og sjølvstendig næringsdrivande, er det mange puslebitar rundt det praktiske og økonomiske ved å få barn.

Tilskuddsordninga skal ifølgje forskrifta medverke til å dekke kostnader til avløysing ved sjukdom og svangerskap med meir. Formålet er å fungere som sikring når bonden er ute av stand til å utføre arbeidet på garden. For å få tilskot til avløysing, må det vere andre enn sambuar/ektefelle eller person med næringsinntekt frå føretaket, som er avløysar.

Ei arbeidsgruppe i Møre og Romsdal Bondelag har sett på dei største utfordringane når bonden skal ha barn, og peikar på fleire sentrale punkt. Gruppa meiner avløysartilskotet må betrast. Både at retten til tilskotet fell bort hvis partnar tar jobben som avløysar, og at saksbehandlingstida hos Nav kan vere lang.

I tillegg får bønder, som har jobb utanom garden, redusert utbetalinga som skal dekke avløysar. Dette punktet er overmodent for revisjon. Det må også bli betre moglegheiter for partnar til å ta ut foreldrepermisjon.

Gruppa meiner vidare at kunnskapsnivået rundt velferdsordningane er for dårlege. Mange Nav-kontor og landbrukskontor kan ikkje nok om regelverket. Det er ei oppgåve for styresmaktene, anten gjere regelverket enklare eller sørge for god opplæring. Det er jo ei kjent sak at reglane for foreldrepengar og -permisjon generelt ikkje er nokon quick fix.

Annonse

Å ha husdyr, er eit stort ansvar. Gode velferdsordningar skal sikre at dyra får forsvarleg tilsyn, betre sikkerheita for bonden når ho er gravid og betre sikkerheita for bonden når ho/han er sjukmeld. Dette gjer ikkje ordningane i dag.

Mange bønder får hjelp av familien for å få kvardagen til å gå rundt, og det blir ekstra nødvendig ved fødslar og familieauke. Norge er kjent for å ha velferdsordningar heilt i verdstoppen. Det gjeld ikkje for bønder, og det skader rekrutteringa til landbruket.

Neste artikkel

Vil ha slutt på avkorting av avløsertilskudd