Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vått, tørt, kaldt og varmt

Juli var ein månad for store kontrastar. Ekstremt våt, ekstremt tørr, svært varm og kald for ulike delar av landet, skriv Meteorologisk institutt i juli-rapporten sin.

Instituttet meiner temperaturen i juli har vore ganske normal, men ikkje nedbøren. I delar av Sør- og Austlandet har det vore uvanleg tørt, medan andre delar av landet i snitt har hatt 30 prosent meir nedbør enn tidlegare. Månaden vart den 15. våtaste julimånaden sidan år 1900.

Nedbør og tørke skaper problem for mange bønder, blant anna i nord, i vest, i Agder og i Vestfold og Telemark. Nokre stasjonar i Finnmark har målt nedbør som er tre gongar høgare enn normal nedbørsmengd, og i Nordland er det fleire bønder som ikkje er ferdige med fyrsteslåtten enno. Andreslåtten er og i ferd med å regne vekk for mange. I Nome og Midt-Telemark er innmelde avlingsskadar meir enn firedobla den siste veka, melder NRK.

Alt regnet og tørken gjer at det kan bli aktuelt å søke om avlingsskadeerstatning for mange bønder. Når marka er blaut, bør ein ikkje drive med jordarbeid. Det kan føre til langvarige skader på jorda, som igjen kan føre til reduserte avlingar neste år.

Kva er normale svingingar og kor mykje betyr klimaendringane for vêret vårt? I ein ny studie publisert i tidsskriftet Communications Earth & Environment analyserte forskarar i Norge og Finland fire sett med temperaturdata. Forskarane kom fram til at temperaturen i Arktis har auka med 0,75 grader Celsius per tiår. Dette er nesten fire gonger så raskt som på resten av kloden.

Annonse

Vi kan forvente større vêrsvingingar i løpet av dei neste ti åra. Ekstrem tørke og nedbør kjem til å bli meir normalt, og landbruket kjem til å bli hardt råka av desse svingingane. Det er nok av kriser å arbeide med, som krig og konfliktar, energimangel og redusert matproduksjon, men det gjer også at klimakrisa kan bli prioritert lågare. Ei slik global utfordring kan ikkje vente.

Neste artikkel

Tørken i Kina: – En alvorlig trussel mot avlingene