Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Truslar skaper frykt hos svenske bønder

Mange svenske bønder har opplevd innbrot, drapstruslar, brannstiftingar og hærverk frå militante veganarar og dyrevernarar i seinare tid. Ei kartlegging som avisa Göteborgs-Posten har gjennomført, viser at det over dei siste tre åra er registrert over 200 alvorlege saker med ein bonde som fornærma part.

Det er dyrerettsaktivistar som står bak angrepa, og handlingane er utan tvil ekstreme. «De elsker ikke dyr. De elsker vold», seier redaktør Håkan Boström i Gøteborgs-Posten om aktivistane. Dei har trua både barn og andre familiemedlemmer av bønder. Fleire bønder er angripne gong på gong av dyrevernaktivistane, og mange lever i frykt for nye aksjonar og truslar. Dette er ei svært alvorleg utvikling.

Organisasjonen Djurfront er særleg aktive. No har Ica og Axfood bestemt seg for å boikotte Vegomässan i Stockholm. Ho blir arrangert årleg av Djurrättsalliansen, ein av dei største dyrevernorganisasjonane i Sverige. Ifølgje Göteborgs-Posten er det nære koplingar mellom Djurrättsalliansen og Djurfront.

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes har merka seg utviklinga i Sverige, men han ser ingen fare for at det blir like ille i Norge som i Sverige. Bartnes meiner bondeorganisasjonane og den enkelte bonde har mykje å bidra med i arbeidet for å møte ekstreme dyrevernarar.

Annonse

Det er lett å støtte bondelagsleiaren i dette, men vi har også hatt aksjonar og innbrot på pelsdyrgardar i Norge. Dyrevernorganisasjonar har kjempa ein lang kamp mot pelsdyr i Norge, og no går det mot avvikling.

Alle dyr skal ha god dyrevelferd, anten det er husdyr, kjæledyr eller fisk. Mattilsynet slår fast at det generelt er god dyrevelferd i Norge, men fleire dyrehald blei avvikla i 2017, enn tidlegare. Det førte til at alarmen gjekk.

Bondelaget og Småbrukarlaget arbeider målretta for å sikre god dyrevelferd. Det er viktig for næringa sitt omdømme, og det er viktig for å førebyggje liknande tilstandar som i Sverige.

Neste artikkel

Slik vil partene redusere melkeproduksjonen