Ingenting er som smaken av norske jordbær. Dei er søte og smakar norsk sommar. Det er dei lange og lyse sommardagane våre, i kombinasjon med kjølige netter, som gir bæra den unike smaken.
Men angrep av gråskimmel kan gjere stor skade på jordbæra. Smitten overlever mange år i jorda, og soppen kan utvikle seg, sjølv ved låge temperaturar. Mykje regn og fukt aukar problemet med soppen.
Sprøyting mot gråskimmel kan halverast om jordbærdyrkarane følgjer VIPS-varsel. Det viser forsking ved Nibio, i samarbeid med NLR. Varslingstenesta er eit godt verktøy, som kan gjere at dyrkarane ikkje sprøyter om dei er i tvil.
I 2022 skal 20 vêrstasjonar vere med i gråskimmel-varslinga i VIPS. I tillegg til varsel om infeksjonsfare vert det også lagt ut 48-timars førebyggjande varsel, basert på estimering av vêrdata frå Meteorologisk institutt.
Forskar Arne Stensvand i Nibio påpeikar at resistens hos soppen mot soppmidlane, er ein svært viktig grunn til å redusere sprøytinga. Framleis er det nokre preparat som verkar, og dersom ein kan sprøyte ein gong i staden for to, vil det forlenge livet til desse midlane.
Ein anna stor fare mot jordbæra er mjøldogg. NMBU og Saga Robotics har i fleire sesongar testa ut UV-belysning av jordbær og agurkplanter ved hjelp av roboten Thorvald. Belysninga må skje om natta, fordi dagslyset reduserer effekten av behandlinga. UV-lyset er svært effektivt mot mjøldogg allereie etter kort tid med bestråling.
Gråskimmel er krevjande å overvinne og krev meir enn fire minutt med bestråling med UV-lys, som igjen kan gi skade på plantene. Dette prøver forskarane å finne svar på.
På same måte som for naturleg sjukdomsresistens, finst det truleg gamle sortar som inneheld genar som gjer at plantene toler høgare UV-lysdose, utan å ta skade av det. Derfor vil forskarane kartleggje genane til dagens sortar og fleire gamle sortar, for å finne genetiske eigenskapar som gjer plantene meir motstandsdyktige for UV-bestråling. Forskinga kan gjere kampen mot skadesoppane enklare.