Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trist utvikling i nord og vest

Det siste tiåret har det vore ein stor auke i talet på vinterfôra sau i Norge. For mykje sau- og lammekjøt har skapt store problem for Nortura, og ført til svært låge prisar på sauekjøt. I same periode er det blitt 923 færre sauebønder. Fem fylke har fått fleire sauebønder, medan resten av landet har fått færre.

Dei tre fylka som har mista flest sauebønder det siste tiåret, er Troms, Sogn og Fjordane og Nordland, med høvesvis 28, 17 og 13 prosent. Ser vi tjue år tilbake, har talet på saueprodusentar i Troms gått ned med rundt 60 prosent, og i Finnmark har talet gått ned med vel 50 prosent. I Troms har ein tredel av det dyrka arealet gått ut av drift.

Nedgangen er stor, og er dårleg nytt for både utmark og innmark. Det har skjedd ei strukturendring som forventa. Gjennomsnittsbruket har vore lite i dei tre fylka, og det har blitt større. Når so mange sluttar med sau, betyr det at store areal med innmark og beite vil gå ut av drift.

Beitebruk er god ressursutnytting. Vi har lite matjord her i landet, og to-tredelar av denne jorda ligg i terreng og i klimasoner som ikkje eignar seg for anna enn grasdyrking. Eit aktivt landbruk over heile landet skapar fellesgode som kulturlandskap og biologisk mangfald. Koplinga mellom matproduksjon og fellesgode er ein viktig del i landbrukspolitikken vår.

Annonse

Dersom vi skal auke den reelle sjølvforsyningsgraden, må heile landet nyttast og mest mogleg av norsk matproduksjon skje på norske beite- og fôrressursar.

I sommar fekk vi ei påminning om kor sårbar matproduksjonen vår er for tørke. Da var det godt ein kunne hente fôr andre stader i landet, for det var tørke i mange andre land òg.

Ein må treffe betre med tilskota i åra som kjem, slik at beiteressursane blir utnytta betre. I tillegg må rovviltforliket følgjast opp, slik at rovviltbestandane er i tråd med bestandsmålet Stortinget har vedtatt.

Neste artikkel

HR-direktør slutter i Nortura