Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tre er framtida

Det nye ammekufjøset til Asbjørn Dahlen og Hildegunn Ottestad er bygd med trelast frå eigen skog, sjå sak side 20. Fjøset er reist med søyler i veggane på begge sider og bukkar som held taket. Total kostnadsramme for fjøset er på 6,5 millionar kroner.

Paret har spart ca. 700 000 kroner på å bruke eigen trelast. Det er all grunn til å gratulera ammekubøndene med nytt fjøs og med val av tre frå eigen skog til bygget.

Massivtre har fått stor merksemd dei siste åra. Produksjonskapasiteten for massivtre vil bli 15-dobla på nokre få år, skriv det svenske fagbladet Fastighetsvärlden, som siterer forskar Tomas Nord ved Linköpings universitet.

I Elverum har det dukka opp fleire bygg i massivtre dei siste åra. Eitt av dei er det nye skulebygget på Hanstad barne- og ungdomsskule som stod ferdig i 2018.

Annonse

Prosjektet har fått mykje merksemd på grunn av innovasjonsgraden, både når det gjeld materialbruk, byggelogistikk, gjennomføring av kommunale innkjøp, ventilasjonsteknologi og dialog med marknaden, skriv forskning.no.

Bygg- og anleggsbransjen står for ca. 40 prosent av verdas klimagassutslepp, og bygningar og bygningssektorane samla er ansvarlege for ca. 36 prosent av det globale energiforbruket. Ved å bruke meir tre som byggemateriale, kan ein hente store miljøgevinstar.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2020, er det ikkje sete av midlar til skogplanting som klimatiltak. Norges Skogeierforbund stiller seg svært kritiske til dette, all den tid skogplanting låg inne som klimatiltak allereie i Klimaforliket i 2012.

Skogeierforbundet ber no om at Stortinget bevilger 30 millionar til skogplanting som klimatiltak i 2020. Med disse midla vil det vere mogleg å sette i gang ein landsomfattande satsing på skogplanting som klimatiltak. Dette er småpengar i den store klimakampen. Gevinstane er store, både med tanke på CO₂-binding og framtidig verdiskaping.

Neste artikkel

Slaktar og bonde fekk BU-prisen i Hordaland