Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørråte kan gjere at potetbønder gir opp

Potetmiljøet i Norge slår no alarm om framtida. Grunnen er ein frykta soppsjukdom – tørrråte. Tørråteangrep kan gi sterk avlingsreduksjon både når det gjeld kvantitet og kvalitet. Fabrikkar og grossistar har låg toleransegrense for angrep av tørråte, og i visse tilfelle kan heile parti bli avviste.

Potetbøndene brukar store mengder sprøytemiddel mot sjukdommen. Det kostar dei store pengesummar, men problemet er at midla, eller kombinasjonen av dei få som er lov å bruke i Norge, kan gi dårleg effekt.

Sverige har 17 aktuelle middel mot tørråte, Danmark har 14 og Finland har 25, medan potetbøndene her i landet berre har fem. Då er det vanskeleg å treffe rett, meiner avdelingsdirektør Kåre Oskar Larsen i Norsk landbruksrådgiving (NLR). Taparen er potetprodusenten, men òg miljøet.

Regelverket blir praktisert ulikt. Sverige og Danmark brukar i sin godkjenningsprosess berre to scenarioer. Finland brukar tre, medan Norge brukar ni scenarioer. Det gjer det svært vanskeleg å få godkjent nye middel her i landet.

Annonse

Det er vanlegvis bra å vere føre var, men det går ei grense for alt. Norge tar altså med alle atterhald som finst, blant anna temperatur, nedbør og hellingsgrad på jorda, men det er lite potetdyrking i bratte bygder som Flåm og Grimo. Hedmark er klart størst på potet – på flatbygdene.

Det må vere eit klart mål å overvinne tørråte på ein effektiv og mest mogleg miljøvenleg måte, altså at ein kombinerer ulike tiltak som bruk av resistente sortar, friske settepoteter, vekstskifte og kjemisk bekjemping.

Men då må produsentane få tilgang til dei midla som verkar best. Alle våre naboland er med i EU. Dei er ikkje rekna som ei miljøsinke, heller ikkje på kontrollen av plantevernmiddel. Her må styresmaktene komme potetmiljøet i møte. Kva er logikken i at norske produsentar ikkje får bruke midlar som nabolanda våre nyttar, og som blir brukt til poteter vi kan importere?

Neste artikkel

Uenige om Mattilsynets klagebehandling