Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tillit må byggjast med openheit

I oktober 2019 blei Ingunn Midttun Godal utnemnt som ny administrerande direktør i Mattilsynet. Godal kom til eit tilsyn nede for teljing. Då Mattilsynet besøkte Per Olaf Lauvås sin minkfarm blei resultatet ein rapport langt frå dei faktiske forholda.

Pelsdyrbonden har meldt Mattilsynet og inspektørane etter hendinga. Tidlegare direktør Harald Gjein gjekk av i kjølvatnet av saka, og i ettertid er det blitt gjennomført fleire granskingar av Mattilsynet.

No er det tid for at Mattilsynet ser gjennom gamle saker på nytt, skriv Olav Magne Tonstad i Bondebladet. Tonstad meiner handsaming av dei gamle sakene på nytt vil fjerne uvissa rundt desse, og det vil vere med på å gjenreise tilliten til Mattilsynet.

Direktøren i Mattilsynet har sagt at kvaliteten på tilsyna skal hevast, og tilsynet har teke fleire grep. Dei har innskjerpa rapportpraksisen ved å skrive rapportane i samband med sjølve tilsynet. Rapporten skal som hovudregel skrivast av ein tilsett som har vore på tilsyn. I samband med tilsynet skal det leggjast igjen eit skjema om kva som er observert, og kva som eventuelt blir forventa av bonden.

Annonse

Ingunn Midttun Godal skriv i Bondebladet at arbeidet har som ambisjon å gi rask og merkbar effekt blant bønder og andre grupper. Betre dialog og rettleiing skal gjere det enklare for bønder og andre å gjere dei rette tinga. Vidare vil Mattilsynet betre kommunikasjonen og kvaliteten på tilsyna.

Dette er positive tiltak som viser at tilsynet tar tak i problema. Dei vil bli betre, og det skal skje raskt. Men å rette opp ein skjør tillit, som ein særleg finn hos mange bønder i Rogaland, tar tid.

Vi er heilt avhengige av eit velfungerande Mattilsyn, men vi er også heilt avhengige av å ha tillit til dei tilsynsorgana vi har. Derfor er ein kritisk gjennomgang av dei gamle sakene, for å avdekke eventuelle feil, nødvendig.

Neste artikkel

Ny behandling av gamle saker