Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for konferanse

Det er nytt år og nye konferansar og seminar på gang, i inn- og utland. Dette er ei næring i vekst. Det er ein jamn straum av invitasjonar, og vi ventar enno fleire i 2019.

Det er så mange, landbruket inkludert, at vi sikkert kunne hatt to personar i redaksjonen, som berre hadde dette som si arbeidsoppgåve, altså å dekke alle konferansar, seminar og fagdagar som er aktuelle for vår avis.

Det er utan tvil behov for konferansar, for å samle ekspertar, forskarar, politikarar og byråkratar, men har det gått sport i dette? Må ein arrangere konferanse, for å vise at ein er på «ballen»?

At ein jobbar vidare med dei store spørsmåla, som vi alle treng å få svar på? At ein skal få vite absolutt siste nytt, eller er det noko nytt? For med all respekt å melde – det blir ein del drøvtygging.

Er det nok deltakarar til alle konferansane og seminara? Ja, det ser slik ut. Det er fullt av folk, gamle og nye deltakarar. Men kan det vere at ein del av dei tenkjer det same? Må ein vere her, er det forventa, for å opp­datere seg på siste nytt? Tja, det spørst.

Annonse

Vi er kopla på døgnet rundt. Den digitale nyhende­straumen er som ei enorm flaumelv. Det gjeld å få filtrert det ein treng, for å oppdatere seg på sitt fagområde. Hvis ikkje, går ein med i flaumen.

Like før jul vart det semje om ny klimaavtale i Katowice i Polen, men det er ikkje semje om den nye klimaavtalen var vellukka eller ikkje. Derfor vert det sikkert mange nye klimakonferansar i 2019 også. Her vil det garantert komme nye fakta om kor ille det står til – med kloden altså. Men alle reisene til konferansane blir det snakka mindre om.

Klimaavtalen vart landa for å redusere dei samla utsleppa av klimagassar i verda. I avtalen er det definert at temperaturen på jorda ikkje skal stige meir enn to grader før utgangen av dette hundreåret. Samstundes skal ein gjere maksimalt for at temperaturen ikkje skal stige meir enn 1,5 grader.

Det betyr vel at vi må tenkje meir over alle reisene våre, også dei som er jobbreiser til seminar. Kanskje det er tid for å droppe ein konferanse eller eit seminar i 2019?

Neste artikkel

Mener «søringan’» må ta større arealansvar