Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for ekstraomgangar

Jordbrukets forhandlingsutval krev i brev til Landbruks- og matdepartementet at det snarast blir sete i gang tilleggsforhandlingar om endringar i eksisterande jordbruksavtale. Organisasjonane viser til § 2–4 i 4 i Hovedavtalen og skriv at næringa må kompenserast fullt ut for den ekstra kostnadsveksten, slik at føresetnadene av årets oppgjer kan bli innfridde.

Etter oppgjeret, som blei vedteke av Stortinget i juni, har prisen for fleire innsatsfaktorar i landbruket auka mykje. Auken er størst for handelsgjødsel, nærare 30 prosent. I tillegg har det vore ein kraftig prisvekst på bygningsmaterialar. Materialindeksen for trelast har auka med 55 prosent sidan nyttår, og det er varsla nye prishopp. Dette svir hardt for bøndene, som har store kostnadar knytt til vedlikehald av diverse bygningar.

Kraftforprisane er påverka av dei same drivkreftene som presser gjødselprisane oppover. Det er for tida ingen toll på dei fleste kraftfôrråvarer, og det er stigande råvareprisar internasjonalt. Auken knytt til importen vil gjere utslag på inntekta i 2021 og kostnadsveksten inn i 2022. Dette vil få store negative konsekvensar for økonomien til den enkelte bonde.

Annonse

Forhandlingsutvalet viser til erfaringar med slike forhandlingar, knytt til sterkt stigande gjødsel- og kraftfôrkostnader, i samband med finanskrisa i 2008. Den gang blei BFJ bedt om å utarbeide eitt felles grunnlagsmateriale for partane for å anslå kostnadsveksten på desse faktorane. Utvalet meiner dette vil vere ei god løysing i år også.

No må regjeringa stille opp til nye forhandlingar, det er derfor vi har eit avtaleinstitutt. Økonomien for mange bønder er pressa nok frå før, og inntektsgapet mellom bønder og andre grupper er ikkje blitt mindre, slik mange politikarar har som mål. Nye forhandlingar og resultat kan rette noko på dette.

Neste artikkel

Tilleggsforhandlingene i jordbruksoppgjøret har startet opp igjen