Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for dugnad

No er det tid for dugnad, både nasjonalt og internasjonalt, for å stoppe smittespreiinga av koronaviruset. Vi har alle eit individuelt ansvar – eit ansvar for å førebyggje og forhindre smitte heime, på arbeid og kor vi er.

Statistikken rundt koronaviruset varierer, men på dei fleste oversikter er Norge blant landa med flest smitta per innbyggar. Utviklinga gjekk fort, frå det starta i Wuhan i Kina, til det effektivt har spreidd seg til store deler av kloden vår.

Vi har verkeleg fått testa beredskapen i Norge og her er det ting å rette opp, særleg gjeld dette kommunikasjon og helseberedskap. Rett og tydeleg informasjon er svært avgjerande under kriser, men samtidig er krisekommunikasjon kanskje det aller vanskeligste for styresmaktene å handtere.

Å sikre folk nok mat er grunnleggande for tryggleiken i samfunnet vårt. Matmangel vil lett føre til uro og dårlegare tryggleik. Ansvaret for matforsyning ligg hos primærnæringar, industri, importørar, grossistar og detaljistar. Bonden spelar ei avgjerande rolle her.

Annonse

Koronavirusa SARS og MERS starta som flaggermusvirus, men smitta over til menneske via andre dyr. Ein reknar med at dette også er tilfelle for koronaviruset. Det er viktig å finne ut kva som er smittekjelda, fordi dette vil gi viktig informasjon, blant anna om liknande virus vil kunne smitte over til menneske.

Tore Midtvedt, spesialist i medisinsk mikrobiologi, meiner det afrikanske svinepestviruset er så ustabilt at det kan mutere og smitte menneske, sjå intervju i Bondebladet denne veka.

Midtvedt meiner styresmaktene må heve grenseberedskapen når det gjeld svinepest. Det bør dei lytte til. Mutasjon er ei varig endring i organismen sitt arvestoff, altså i DNA-et. Mutasjonar er naturleg og skjer i alle organismar, det har vi fått erfare no.

Beredskapen i Norge har på mange område hatt ei positiv utvikling etter 22. juli kommisjonen sitt arbeid. Situasjonen vi har no viser at det er mykje arbeid som står att, særleg på informasjon og helseberedskap.

Neste artikkel

Mæland: – Vi trenger å holde hjulene i gang