Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Taper inntekstkampen

Budsjettnemnda for jordbruket la sist veke fram grunnlagstala for årets jordbruksoppgjer. Det er ikkje hyggeleg lesing for den norske bonden. Totalkalkylen viser ein samla inntektsnedgang, eller vederlag for arbeid og eigenkapital, på 14 500 kroner per årsverk frå 2016 til 2018.

Nedgangen i inntekta var på 6 500 kroner i 2017 og på 8 000 kroner i 2018, nærare bestemt -1,8 og -2,2 prosent. Tala for 2017 er førebelse rekneskapstal, medan tala for 2018 er budsjetterte.

Årsakene til inntektssvikten er samansette. Mange av dei store kostnadspostane til bøndene, blant anna drivstoff, gjødsel og kraftfôr, har auka meir enn det som blei skissert. I tillegg har prisane på mange kjøtslag gått ned, på grunn av overproduksjon. Det har altså ikkje vore nokon prisvekst som bonden har fått utbyte av.

Referansebruka for fjørfe, og for svinehald kombinert med kornproduksjon, viser ein svært negativ inntektsutvikling. Her er det venta ein nedgang på over 150 000 kroner per årsverk frå 2016 til 2018.

Annonse

Tala lyg ikkje: Inntektene til bonden går ned, mens resten av samfunnet drar frå. Det gir eit krevjande utgangspunkt for årets jordbruksforhandlingar, og ein annan viktig ting: Det kan skremme vekk dei unge som tel på knappane om dei skal overta garden og satse på ei framtid i jordbruket.

Inntekta til kornbonden er eit nytt varsku. Korn­arealet i Norge er på veg ned, og årets tal frå Budsjettnemnda vil neppe virke positivt inn i så måte. Kornproduksjonen er grunnsteinen for å auke norsk sjølvforsyning. Skal målsettingane i Stortingsmeldinga om auka matproduksjon nåast, må regjeringa sette konkrete mål og delmål for ein auke av kornproduksjonen i Norge.

På lik linje som samfunnsoppdraget til norske legar og helsearbeidarar er å sikre god folkehelse, er samfunnsoppdraget til norske bønder å sikre nok trygg mat til befolkninga. For å løyse det oppdraget, må bonden tene nok pengar. Det er viktig å ha med inn i jordbruksforhandlingane som snart startar.

Neste artikkel

Bondeting utsatt på ubestemt tid