Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ta vare på helsa di

Bønder sit mykje på traktoren. Graden av manuelt arbeid er redusert, og tida til stillesitjande køyring har auka. Tidlegare var det meir kroppsarbeid, ofte kunne det bli for mykje slit, og bonden fekk nok av trening i løpet av ein arbeidsdag.

Det er framleis slike dagar for bonden, men dei er sjeldnare enn før. Med mindre kroppsarbeid og same kaloriinntak aukar kroppsvekta. Det aukar òg risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Berre ein fjerdedel av bøndene klarer alltid å ete regelmessige og fullverdige måltid gjennom ein hektisk arbeidskvardag, viser ei ny undersøking som er utført av Agri Analyse for Landkreditt Forsikring.

Vel halvparten svarer at dei som regel klarer å sørgje for dette. 22 prosent svarer at det er sterkt varierande, eller at dei ofte ikkje får det til. Ein tredjedel av bøndene meiner dei er nøye med å sørgje for at kosthaldet skal vere tilstrekkeleg rikt på fisk, grønsaker og frukt.

Over halvparten av dei spurde, seier at dei ikkje legg nok vekt på dette, og meir enn éin av ti svarer at dei sjeldan eller aldri tenkjer på det. Den siste gruppa er vi urolege for, seier Ane Wiig Syvertsen, administrerande direktør i Landkreditt Forsikring.

Annonse

Helsa vår heng nøye saman med kosthald og livsstil, så resultata bør vere ein vekkar for landbruket.

Trening kan førebyggje og bremse risikoen for hjarte- og karsjukdommar og fleire kreftformer, viser forsking. Amerikanske forskarar har kome med konkrete anslag for kor mykje trening som skal til for å senke risikoen for kreft, i til dømes bryst og tjukktarm.

No er planen til forskarane å komme med konkrete råd om korleis trening førebyggjer følgene av kreftbehandling. Det kan for eksempel vere angst eller trøyttleik etter strålebehandling eller cellegift.

Kosthald, gode arbeidsrutinar, trening og nok søvn betyr mykje for helsa vår, det gjeld for alle, bønder òg. Lange økter utan pausar og gode måltid aukar risikoen for ulykker.

Neste artikkel

Pelsbøndene blir kompensert