Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ta ansvar for plasten

Ein kval som dreiv i land på Sotra utanfor Bergen i vinter, gjorde noko med oss. Kvalen hadde magen full av plastposar, og viste kor ille det står til. For plast forsvinn ikkje, men blir broten ned i mindre bitar. Nedbrytingstida kan vere frå 10 år og oppover til fleire hundre år.

Ved Veterinærinstituttet si avdeling i Sandnes har dei funne kyr med fleire kilo plastavfall i magen. Det har kome fram ved obduksjon. Hundar og fuglar er eksempel på andre dyr som lett kan få i seg plastrestar.

Plast som ikkje kjem ut den normale vegen, kan hindre fordøyinga og gjere dyr sjuke, og i nokre tilfelle føre til døden.

Det norske landbruket brukar vel 12 000 tonn plastemballasje i året. Rapporteringa til Miljødirektoratet for mengde emballasje til gjenvinning i 2016, viser gode resultat. Det er aukande gjenvinning av metall, og ein stabil/liten auke på plastemballasje.

Mange bønder er blitt flinkare til å samle inn plasten. Men framleis kan det sjå grelt ut somme stader når snøen smeltar vekk. Å samle opp plasten for innlevering, må bli like naturleg som å fylle diesel.

Annonse

Plasten blir til råstoff i produksjon av ny plast. Han blir vaska og kverka før han blir smelta om til granulat. Dette granulatet blir brukt til å lage nye plastprodukt, opplyser Grønt Punkt. Deira finansierings- og innsamlingssystem er bygd på fri vilje.

Ei ny forskrift som trer i kraft 1. juli, skal regulere retursystemet for emballasje og sikre at godkjente returselskap tar eit skikkeleg miljøansvar.

Forskrifta vil i tillegg sikre at alle som importerer eller produserer emballerte varer, tar ansvar, gjennom eit godkjent returselskap for emballasje.

Det er godt nytt for miljøet.

Neste artikkel

Rettferd for sauebøndene