Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Suksess med norske juleeple

Salet av norske eple i desember gir framtidstru for fruktnæringa. Coop tok inn ca. 70 tonn med norske eple i desember – til alle sine butikkar. Rubinstep og Elstar frå Telefrukt og Ullensvang Fruktlager tok opp konkurransen med importerte eplesortar, og dei klarte seg svært bra.

Kundane ville gjerne ha norske eple i desember, og Coop står klare til å selje meir norsk frukt. Dei vil vere med og løfte næringa vidare, og eit godt samarbeid er avgjerande her. Konkurransen er tøff, men tida er moden. Kortreist og klimavenleg er ord som betyr meir og meir for forbrukarane.

Eit løft er òg målet med det nye satsingsprogrammet i grøntsektoren. Målet er å auke produksjon og forbruk av norsk frukt, bær, grønsaker, potet og blomar, og fleire aktørar står bak satsinga. Auka produksjon i heile landet skal bidra til å få fleire bønder i grøntsektoren.

Ein føresetnad for at satsinga skal lukkast, er eit godt samarbeid mellom fruktbønder, leverandørledd og forskingsmiljøa. Coop, Telefrukt og Ullensvang Fruktlager har teke eit viktig steg her – det gir framtidstru for fruktnæringa.

Annonse

I fjor haust bogna det av plommer i mange fruktområde i Norge. Dei var smakfulle og søte, men dessverre spelar ikkje haldbarheita på lag med plommene. Dei må nytast fort, og dei unormalt store avlingane vart altfor mykje for den norske marknaden.

I 2018 vart det derfor dumpa ca. 300 tonn med norske plommer, og det svarar til om lag 15 prosent av den totale plommeavlinga. For fruktdyrkarane er slike hendingar ille. Det må verka inn på motivasjon og framtidstru, særleg for dei som er på veg inn i næringa.

Tenk dersom fleire familiar hadde lage syltetøy, chutney eller saft av plommer? Kva kunne det gjort med salet og alle plommene som vart dumpa? •

Neste artikkel

Kvar sommar det same