Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stygg skrape for Mattilsynet

Sist veke kom KPMG-rapporten om Mattilsynet sin forvaltningspraksis. Bakgrunnen for den eksterne granskinga var blant anna tilsynssak hos ein pelsdyrbonde i Sandnes i 2018 Tilsynsrapporten inneheld fleire faktafeil, og Mattilsynet har innrømma at det blei gjort grov feil her.

Rapporten er dårleg nytt for Mattilsynet, fordi han inneheld fleire alvorlege funn om praksisen deira. Rapporten konkluderer med at Mattilsynet ikkje har gode nok system og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn.

Den nye direktøren i Mattilsynet, Ingunn Midttun Godal, har nok å ta tak i. For Mattilsynet blir det særleg viktig å betre kommunikasjonen, når dei kjem på tilsyn. Dei må også gjere regelverket meir forståeleg og enklare å etterleve.

Blant forslaga er eit betre opplæringsprogram blant tilsette, ei sams fortolking av regelverket, og å flytte klagebehandlinga til ein egen klageinstans. Det er viktig at Mattilsynet får nødvendige ressursar til å gjennomføre dette. Det vil vere nødvendig for å gjenopprette tilliten folk og bønder må ha til Mattilsynet. Det vil òg vere eit pluss for dyrevelferda.

Annonse

Mange er opptekne av dyrevelferd, og det er viktig å ta deira innspel og uro på alvor. Det må gjelde både produksjonsdyr, inkludert fisk, og kjæledyr. Organisasjonar som Dyrevernalliansen, Dyrenes Røst og NOAH er blant dei som sender flest debattinnlegg til Bondebladet.

Det er viktig at dei får spalteplass, fordi synspunkta deira og debatten dei reiser, påverkar det alle husdyrbønder lever av. Ein svartmåla kampanje med dyr og born, slik mange oppfattar den siste kampanjen til Dyrevernalliansen, er lite konstruktiv i debatten om dyrevelferd.

God jul!

Redaksjonen i Bondebladet ønskjer alle sine lesarar ei riktig god jul og eit godt nytt år i 2020!

Neste artikkel

Grove feil om jødisk slakt