Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal vi lære af Norge?

«Skal vi lære af Norge»? spør journalisten Morten Thomsen i det danske magasinet Svin. Anledninga er at svineprodusent Harald Gropen frå Ringsaker heldt innlegg på ein svinekonferanse i Danmark nyleg. Journalisten innrømmer å ha trekt litt på smilebandet over norsk svineproduksjon, men det skal han halde opp med.

Dansk svineproduksjon kan ha mykje å lære av norsk svineproduksjon, meiner Thomsen, og spør om den neste studieturen bør gå til Norge. Her går purkene lause, det er lite bruk av medisinar og mange produsentar oppnår svært gode resultat. Han er ikkje åleine om å sjå til norsk landbruk for å lære.

FN er imponert over det arbeidet som er gjort med antibiotikabruken i landbruket i Norge. Det kom fram under eit møte om mattryggleik i Roma, skriv Bondelaget.

Synnøve Vatn frå Animalia presenterte arbeidet for å få ned antibiotikabruken. Dette starta på byrjinga av 90-talet, og bruken vart redusert med 40 prosent mellom 1995 og 2000. Regjeringa har hatt som mål å redusere antibiotikaforbruket i landbrukssektoren med ti prosent for perioden 2013–2020.

Annonse

Målsetjinga blei oppfylt allereie i 2018, med ein samla nedgang på 17 prosent sidan 2013, viser årets Norm-vet rapport. Samarbeid mellom næringa og styresmaktene er sentralt for resultata som er oppnådd.

Vi er i ein unik situasjon samanlikna med mange land i Europa. Vi kan for eksempel behandle jurbetennelse hos kyr med vanleg penicillin. Å utrydde sjukdommar frå landet og hindre nye i å komme inn, står sentralt. I tillegg har helse ein viktig plass i det viktige avlsarbeidet. Organisering og opplæring av bønder er også ein del av denne suksesshistoria.

Bruk av antibiotika er ein av dei viktigaste drivarane for utvikling av antibiotikaresistens. Derfor er det svært positivt at rapporterte data til Det europeiske legemiddelbyrå for åra 2011–2017, viser at forbruket til matproduserande dyr, inkludert fisk, totalt sett blei redusert med 33 prosent.

Neste artikkel

Professor mener jegere er konservative