Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ser ikkje maten for berre prisar

Dei siste åra har det blitt eit vell av norgesmestrar innanfor mat og matproduksjon: NM i honning, NM i havre, NM i økologisk havre, NM i graut, NM i frukt og grønt, NM i brød, NM i kjøttprodukt, NM i speking, NM i grilling, NM i heimebrygging og mange andre.

I tillegg kjem ein masse ulike prisar – mat og innovasjon – i alle kategoriar.

I 2018 blei 36 produkt nominert til finalen i Det Norske Måltid. Små og store produsentar konkurrerer i same kategori. Det Norske Måltid skal løfte fram norske mat- og drikkeprodusentar og vere ein pådrivar for norsk, mangfaldig og berekraftig matproduksjon.

Har det gått for langt? Det går an å løfte norsk mat utan at ein nødvendigvis må dele ut så mange prisar.

I løpet av 11 år har Det Norske Måltid hatt 236 finalistar og over 100 vinnarar har fått vist seg fram for Norges restaurant- og matbransje. Det er vel og bra med prisar og heider, men det blir som sosiale medium – for mykje av det gode. Det er så mange prisar etter kvart, at produkta nesten druknar i prisar.

Annonse

I november i fjor vart det arrangert VM i ost i Bergen. Det var eit strålande arrangement og oppturen for norsk ost heldt fram. Fanaost frå Ostegården gjekk heilt til topps, og i tillegg fekk ekte brun geitost frå Stordalen Gardsbruk i Tinn sølv – saman med ein fransk ost.

Men det var ein orgie i medaljar i Bergen. Åtte norske oster fekk utmerkinga «Super Gold», 13 fekk gullmedalje, 19 sølvmedalje og 33 fekk bronsemedalje i «World Cheese Awards 2018», til saman.

Ysteria fortener heilt sikkert heider og ære for ostane dei lagar, men må alle kategoriar ha gull, sølv og bronse. Kan alle medaljane verka mot sin hensikt – at det blir mindre stas med medalje og heider?

Rekrutteringa til kokk- og matfag er elendig i Norge. Dersom vi ikkje klarer å gjere noko med dette, vil det kunne få alvorlege konsekvensar for norske mattradisjonar. Her må det ein innsats til, og gjerne nytenking.

Neste artikkel

Milliardsmell for melkebønder