Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sauegolva må sjekkast nøye

Sist veke skjedde enno ei stygg ulukke med eit sauegolv som kollapsa. På ein gard i Bjerkreim ramla 23 dyr ned i gjødselkjellaren. To dyr stod att på den delen av golvet som ikkje kollapsa, og 22 av 23 dyr blei heldigvis berga, etter stor innsats av sauebonden og fleire andre personar.

Bonden er tydeleg på at hendinga har blitt ein skikkeleg tankevekkar. Dottera hans var vitne til at golvet kollapsa under sauene hennar. Dragarane hadde bonden sjekka for ei tid sidan, og dei var i orden. Men så viste det seg at det var jernfesta som dragarane hang i, som hadde rusta sund.

For nokre år sidan var det fleire liknande ulukker, ofte med Reime Agri sitt golvsystem, Tulla. Bonden i Bjerkreim hadde ikkje denne typen golv. Reime Agri gjorde avtale med Gjensidige om vidare drift og oppfølging i 2018.

Bønder som hadde kjøpt golv før 2015, og med spenn på over 4,5 meter, fekk tilgang på passive sikringselement for rask utbetring ved behov, i tillegg til normal service og reservedelar for eksisterande golv.

Arbeidstilsynet og Mattilsynet tilrådde den gang faste rutinar for sjekk av golvkonstruksjonen, og det er like aktuelt i dag, uavhengig av type golv. Bøndene bør sjekka sauegolvet med jamne mellomrom, uansett fabrikat og forhandlar. I verste fall kan rustangrep øydelegge slike jernfester på kort tid.

Annonse

Det er i utgangspunktet husdyreigar og byggherre som har ansvaret for dyrevelferda, og for at golvet er trygt. Er du usikker, bør du ta kontakt med produsenten av golvet. Ta med deg kyndige folk på synfaring, og vurder også belastninga som golvet blir utsett for når dyra stimlar saman.

Som bonde sit ein med eit stort ansvar, for både folk og dyr. Alle vil vera sikre på at golvet er trygt og stabilt, og at berarane ligg på dragarane etter føreskriftene.

Neste artikkel

– Vi etterlyste en mer pragmatisk holdning