Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sats på geita

Det har skjedd ei stor utvikling på geitemjølk dei siste 20 åra i Norge, og det gjer at vi har mjølk med svært god kvalitet. Tine har ved fleire høve framheva dei gode geitemjølkprodukta selskapet har. På Storsteinnes har Tine investert 180 millionar kroner for å utnytte meir av mjølka.

Men salet står ikkje i stil. Tine sel ikkje nok ost av geitemjølk, og i 2020 var det slutt for Balsfjordosten. Dette går sjølvsagt utover produsentane. Forholdstalet for geitemjølk har ikkje vore éin eller over éin sidan 2012. I snart ti år har geitebøndene i praksis ikkje kunna levere full kvote til full pris.

Geitebonde Tone Merete Rognmo i Malangen synest Tine er dårlege både på produktutvikling og marknadsføring av geitemjølk. «Det er fortvilende når du opp gjennom årene har bygget ut og kjøpt kvote, men ikke får produsere hundre prosent. Vi ønsker å levere mer», seier ho til Bondebladet (sjå sak i lenke).

Det går an å forstå frustrasjonen blant geitebønder. Tine bør trappe opp marknadsføringa og styrkje samarbeidet med kjedene. Det er ein tøff kamp om plass i butikkhyllene, men tida no, med stikkord som berekraftig, kortreist og lokalt, spelar på lag med den norske geita. Kvifor ikkje bruke geita som spydspiss i marknadsarbeidet?

Annonse

Tine har ei fantastisk råvare og gode ostar, som dessverre er altfor vanskelege å finne i vanlege butikkar. Kvifor finn vi ikkje fleire typar av Snøfrisk og salatosten Selbu i nærbutikken? Kvifor blir ikkje ostane betre marknadsførte, i samarbeid med dyktige kokkar til dømes? Mange av ostane er nemleg svært gode i ulike matrettar.

Tine har som mål, i den nye vekststrategien for ost, å få forholdstalet opp til éin innan 2025. Selskapet vil auke bruken av geitemjølk i kvardagsostar og maksimere bruken av geitemjølk i Tine gudbrandsdalsost. Dei vil òg styrkje osten sin posisjon hos yngre forbrukarar.

Det siste er viktig. Mange unge er opptekne av berekraft, mat og smakar. La dei få smaken på norsk geitost. Det er på høg tid at salatost frå Arla, får konkurranse av ekte norsk geitost. Han kan vise seg dyrare enn importosten, men med god marknadsføring om kortreist og berekraftig salatost frå norske geiter, er det truleg større betalingsvilje enn den som i dag blir den norske geita til del.

Neste artikkel

Stanser utbetaling av særskilt distribusjonstilskudd til Q-Meieriene og Rørosmeieriet